Valentin Gavrilov

Valentin Aleksandrovitsj Gavrilov (26. juli 194623. desember 2003) var ein sovjet-russisk friidrettsutøvar frå Moskva. Han vart europameister i høgdehopp i 1969, året i førevegen fekk han bronsemedaljen i øvinga under OL i Mexico-byen.

Valentin Gavrilov

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 26. juli 1946
Moskva
Død

23. desember 2003 (57 år)
Moskva

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 191 centimeter

Aktiv endre

Gavrilov debuterte internasjonalt ved europameisterskapen 1966 i Budapest. Med 2,06 m i sluttrotokollen enda han på sjuande plass i høgdetvelinga. I 1967 vart han sjovjetisk meister med 2,12 m.

Våren 1968 sette han personleg rekord med 2,20 m. Om hausten same året var han med i den historiske høgdehopp-tevlinga under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. Framfor eit måpande publikum hoppa USA-amerikanaren Dick Fosbury seg over høgde etter høgde med ein stil (Fosbury-flopp) ingen hadde sett maken til. Til sist var han den einaste som klarte 2,24 m og dermed var gullmedaljen hans. Hans landsmann Ed Caruthers fekk sølv med 2,22 m, medan Gavrilov tangerte sitt personbeste på 2,20 og tok bronsemedaljen.

Våren 1969 vann Gavrilov høgdehopp i innandørs-EM i Beograd. Om sommaren sigra han i øvinga i den sovjetiske meisterskapen med 2,15. Han forbetra så den personlege rekorden til 2,21 meter. Under europameisterskapen 1969 i Aten vann Gavrilov gullmedaljen med 2,17 meter, same høgda klarte både Reijo Vähälä frå Finland og italienaren Erminio Azzaro, høvesvis sølv- og bronsevinnar.

Med eit hopp på 2,20 m vann Gavrilov innandørs-EM også i 1970. Sommaren 1970 vann han høgdetevlinga i universiaden etter å ha gått over 2,18 m, hans årsbeste for sesongen var på 2,20 m. I 1971-sesongen hadde han 2,18 m som best, men fekk likevel delta ved europameisterskapen 1971 i Helsingfors der han vart nummer ti med 2,11 m. Både i 1972 og 1974 tangerte han den personlege rekorden på 2,21 m, det var ikkje lenger godt nok til å representere Sovjetunionen internasjonalt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre