Valerij Filippovitsj Borzov[a] (fødd 20. oktober 1949) er ein tidlegare sprintar og politikar frå Sambir i Ukraina som tevla for Sovjetunionen. Han vann to OL-gull i 1972 og til saman fire EM-gull i tida 1969-74. Borzov er gift med turnaren Ljudmila Turitsjeva.

Valerij Borzov

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 20. oktober 1949 (74 år)
Sambir
Yrke sprintar, friidrettsutøvar, politikar
Høgd 183 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen, 4. Verchovna Rada, 3. Verchovna Rada
Ektefelle Ljudmila Turisjtsjeva
Valerij Borzov på Commons

Idrett endre

Borzov fekk sitt gjennombrot i 1969-sesongen då han med tida 10,0 tangerte europarekorden på 100 m. Same året vart han europameister på distansen i Aten med tida 10,4 sekundar, same tid fekk også sølvmedaljøren Alain Sarteur frå Frankrike. På 4x100 meter stafett vann Frankrike ein klar siger med tida 38,8, Borzov sprang Sovjetunionen inn til sølv på 39,3. I 1970-sesongen forbetra han den personlege rekorden på 200 m til 20,5.

I EM i friidrett 1971 i Helsingfors vart Borzov dobbeltmeister. Han tok ein suveren siger på 100 m med 10,26, andremann Gerhard Wucherer frå Vest-Tyskland fekk notert 10,48. Også 200 m vann Borzov på overlegent vis. Med sluttida 20,30 slo han dei andre medaljevinnarane med over fire tidels sekund.

Borzov vann gullmedaljane på 100 m og 200 meter også under Sommar-OL 1972 i München. På 100 m fekk han sluttida 10,14, sølvmannen Robert Taylor frå USA hadde 10,24. På 200 meter gjorde Borzov sitt snøggaste løp noko gong og vart klokka inn på 20,00 sekundar, Larry Black frå USA tok sølvet på 20,19. I 4x100 m stafett sprang Borzov på siste etappen Sovjetunionen inn til sølv på tida 38,50, USA sine fire utvalde vann gullmedaljen etter 38,19 sekundar.

Den 3. september 1974 tok Borzov sin fjerde EM-tittel. På 100-meteren i Roma slo han Pietro Mennea frå arrøngørlandet med sju hundredels sekund, vinnartida var 10,27. Under der olympiske leikane i Montreal i 1976 tok Borzov to nye olympiske medaljar då han fekk bronse både på 100 meter og på 4x100 meter stafett. På 100 m fekk han akkurat same tid som då han vann OL-gull fire år tidlegare, den nye olympiameisteren Hasely Crawford frå Trinidad og Tobago hadde 10,06.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1969 i Aten: Gullmedalje på 100 m – 10,4, og sølvmedalje i 4x100 stafett.
  • EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje på 100 m – 10,26, og 200 m – 20,30
  • OL 1972 i München: Gullmedaljar på 100 m – 10,14 og 200 m – 20,00, sølvmedalje i 4x100 m stafett
  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje på 100 m – 10,27, framom Pietro Mennea (10,34)
  • OL 1976 i Montreal: Bronsemedaljar på 100 m (10,14), og i 4x100 m stafett (38,78)

Politikk endre

Borzov var parlamentsmedlem i Ukraina frå 1998 til 2006. Til 2001 representerte han Fedrelandsforbundet, sidan Det sameinte sosialdemokratiske partiet.

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Валерий Филиппович Борзов, ukrainsk Валерій Пилипович Борзов, Valerij Pylypovytsj Borzov

Kjelder endre