Valerij Tsjkalov (2. februar 190415. desember 1938) var ein russisk og sovjetisk testflygar som blei utnemnd til Helt av Sovjetunionen i 1936.

Valerij Tsjkalov

Fødd20. januar 1904
FødestadTsjkalovsk
Død15. desember 1938
DødsstadMoskva
Andre namnВалерий Павлович Чкалов, Valerij Pavlovitsj Tsjkalov
RangKombrig
EiningSovjetunionens flyvåpen

Bakgrunn endre

Tsjkalov var fødd i Vasiljovo, som seinare blei omdøypt til Tsjkalovsk til ære for han. Staden ligg i Volga-regionen, ikkje langt frå Nizjnij Novgorod. Far hans arbeidde med å laga skip på verftet i landsbyen, til fart på Volga. Mor hans døydde då han var seks år gammal. Tsjkalov studerte ved den tekniske skulen i Tsjerepovets før han kom heim og byrja i læra på verftet. Seinare fekk han jobb som fyrbøtar på mudderskipet Bajan (seinare Mikhail Kalinin).[1]

Flygar endre

 
Tsjkalov møter Josef Stalin i 1936.

I 1919 såg han sitt første fly og bestemte seg for å gå inn i luftvåpenet til Den raude hæren. Han byrja som mekanikar der då han var 16 år gammarl. Etterkvart fekk han opplæring som pilot i Jegorjevsk. Han gjekk ut frå skulen i 1924.

Tidleg på 1930-talet blei Tsjkalov testflygar. Han utførte bragder som å gjennomføra 250 loopar på 45 minutt.[1] Frå 1935 leia han stuntavdelinga til flyvåpenet, som dreiv offentlege oppvisingar. Dette omfatta mellom anna 1. mai-oppvisingar over Den raude plassen i Moskva, der han møtte Stalin for første gong.

Tsjkalov oppnådde fleire nyvinningar innan flyging. I 1936 og 1937 var han med på fleire ultralange flygingar, som ei på 63 timar frå Moskva til Vancouver i Washington over Nordpolen i ein Tupolev ANT-25 (18.–20. juni 1937), ein distanse på 8811 km.

15. desember 1938 døydde Tsjkalov medan han flaug ein prototyp av Polikarpov I-180, som kræsja under første prøveflyging.

Prisar og utmerkingar endre

Ettermæle endre

Fødestaden Vasiljovo fekk namnet «Tsjkalovsk» til ære for han i 1937. Orenburg hadde namnet «Tsjkalov» frå 1938 til 1957 til minne om Valerij Tsjkalov.

Metrostasjonar i Moskva, Sankt Petersburg og Nizjnij Novgorod heiter Tsjkalovskaja. Den store trappa ved Kremlin i Nizjnij Novgorod ber også namnet hans

Ein metrostasjon i Tasjkent hadde namnet Tsjkalov fram til 2012. Ein flyfabrikk i Tasjkent blei også kalla opp etter han.

Gater i fleire byar i Russland og i Vancouver i USA er kalla opp etter han.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Soviet Calendar 1917-1947 (CCCP production), oppgjeve av Engelsk Wikipedia.