Tsjerepovets
Tsjerepovets Череповец | ||
---|---|---|
Flyfoto av Tsjerepovets | ||
![]() |
![]() | |
Flagget til Tsjerepovets | Byvåpenet til Tsjerepovets |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Vologda oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1777 1777 | |
Borgarmeister | Oleg Kuvsjinnikov | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
121 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
307 800 2 543,8 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 130 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 162600–162627 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)8202 | |
Nettstad: www.cherinfo.ru |
Tsjerepovets (russisk Черепове́ц) er den største byen i Vologda oblast i Russland. Han ligg ved breidda av Rybinsk-reservoaret i Volga, nær det sørlege endepunktet på Volga-Austersjø-kanalen. I 2007 hadde han nesten 310 000 innbyggjarar.
HistorieEndra
Rundt 1360 vart det oppretta eit kloster i åsane ved elva Sjeksna og landsbyen Fedosjevo voks fram rundt det. Historikarar ser denne landsbyen som hjartet i dagens Tsjerepovets. Byen fekk offisiell bystatus i 1777 etter ordre frå Katarina den store. Ved bygginga av Mariinskkanal-systemet vart Tsjerepovets, som ligg ved Volga, knytt til Austersjøen. Under den andre verdskrigen vart fleire store fangeleirar oppretta i området og rundt 30 000 menneske døydde i desse leirane.
ØkonomiEndra
Tsjerepovets er den viktigaste industribyen i regionen. Her er mellom anna jernverk, stålfabrikkar (til dømes Severstal), store skipsverft og kjemiske bedrifter. Kolbehovet til metallindustrien i byen vert dekt av gruver i Vorkuta og jernmalmen kjem frå gruver på Kolahalvøya. I tillegg er det sagbruk i byen, som handsamar tømmer frå skogane rundt byen. Byen vert betjent av Tsjerepovets lufthamn, som ligg 18 km nord for byen.
UtdanningEndra
I Tsjerepovets ligg eit statleg universitet.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad for Tsjerepovets Arkivert 2009-07-04 ved Wayback Machine.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Tsjerepovets» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.