Handfesting

(Omdirigert frå Valhandfesting)

Handfesting er eit dokument som seier korleis ein konge ønskjer å styre landet.

Handfestingane hadde i Danmark tradisjon lang attende i mellomalderen. Gjennom handfestinga fekk riksforsamlinga garantiar for korleis kongen ville styre før dei valde han til konge. Handfestinga slo fast pliktene til kongen og rettane til undersåttane, og gjennom handfestinga kunne riksrådet òg sikre seg medråderett i styringstida til kongen.

Kristian I var den første norske kongen som utarbeidde ei handfesting etter at det norske riksrådet valde hand til konge i juni 1449. Noreg hadde då ei tid hatt felles konge med Sverige og Danmark. Både Sverige og Danmark var valkongedømme, slk at riksrådet hadde tradisjon for å krevje ei handfesting av kongen. I Noreg gjekk derimot retten til krona i arv, slik riksrådet ikkje kunne krevje handfestingar av kongen. Når kongen likevel sette opp ei handfesting, hadde det samanheng med at det var to kandidatar til krona, dansken Kristian og svensken Karl Knutson, og begge sette opp ei handfesting for å sikre seg støtte i riksrådet.

Etter at Noreg mista riksrådet i 1536, var det berre lagt fram handfesting for det danske riksrådet, som stod for kongevalet. Dei danske kongane var like fullt medvitne om at dei etter norsk lov hadde arverett til den norske krona, og at rettane det danske riksrådet hadde i Noreg, ikkje var sjølvsagde, men avhengig av at dei valde ein konge med arverett til den norske krona.

Den siste dansk-norske handfestinga vart sett opp av Fredrik III i 1648. Tolv år seinare vart eineveldet innført, og kongen fekk arverett til krona.

Kjelder

endre