Valjevo (serbisk Ваљево) er ein by og kommune i Serbia. Kommunen ligg vest i Serbia og er det administrative senteret i Kolubara distrikt, som består av fem andre kommunar med totalt nesten 200 000 innbyggjarar. I følgje folketeljinga i 2002 hadde Valjevo kommune 96 761 innbyggjarar, medan byen hadde 62 470 innbyggjarar.

Valjevo
Sentrum i Valjevo
Sentrum i Valjevo
Sentrum i Valjevo
Plassering
Valjevo is located in Serbia
Styresmakter
Land  Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Kolubara
Borgarmeister Zoran Jakovljević
Geografi
Flatevidd
 - By

905 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik
 - Byområde

96 761
  106,9 /km²
62 470
Koordinatar 44°18′0″N 19°53′0″E / 44.30000°N 19.88333°E / 44.30000; 19.88333
Høgd over havet 185 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14000
Bilnummer VA
Nettstad: www.valjevo.org.rs

Valjevo låg tidlegare nær elva Kolubara, ei sideelv til Sava. Området rundt Valjevo har eit mildt, temperert klima.

Valjevo ligg 100 km frå Beograd, nær ein av dei viktigare hovudvegane i landet, Ibarvegen, som knyt saman nordlege og sørlege delar av landet.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre