For Valldalen på Sunnmøre, sjå Valldal.
Valldalen
dal
Valldalen med Valldalsvatnet sett frå nord
Land  Noreg
Kart
Valldalen
59°52′0″ N 6°51′32″ E

Valldalen er ein fjelldal om lag 700 meter over havet sørvest på Hardangervidda som for det meste er nytta som magasin for vasskraftverka i den såkalla Røldal-Suldalutbygginga som vart gjort på 1960-talet. Ei meir enn nitti meter høg demning vart då bygd tvers over Hyttejuvet lengst sør i Valldalen for å skape ein ny ti kilometer lang innsjø, Valldalsvatnet, med det opphavlege Valldalsvatnet, om lag to kilometer langt, liggjande heilt nord i dette kraftverkmagasinet.

Med vassdragsutbygginga vart heile det gamle stølsområdet i dalen sett under vatn, og fleire interessante kulturminne frå gamal tid som kunne ha vore funne i dette terrenget, vart utilgjengelege. I 1962-1964, før utbygginga var sett i gang, vart det gjort arkeologiske registreringar og utgravingar i Valldalen, og då vart det funne ein buplass frå steinalderen, to hustufter, ein verkstadsplass for produksjon av perlar av bergkrystall frå vikingtida og mellomalderen, og mange hustufter frå nyare tid. Ei av hustuftene frå vikingtida, og ein heller kalla Ullshelleren, vart arkeologisk utgrave og granska. På grunnlag av funna og analyse av pollen funne i ei myr vart det slege fast at det hadde vore fast busetnad med korndyrking og husdyrhald i bronsealderen i denne fjelldalen. Funn av ulike gjenstandar frå jarnalderen i Ullshelleren, der det òg var helleristingar av «bronsealdertype», tyder på at folk kan ha budd i helleren året rundt i lange periodar i forhistorisk tid. Heile dette landskapet ligg no under vatn.

Kjelder endre

  • Svein Indrelid. 2014. Oppdagelser på Hardangervidda, side 140-145. Kvinnherad: Forlaget Nord 4. ISBN 978-82-7326-108-3