Valldal
62°19′59″N 7°20′10″E / 62.333°N 7.336°E
- For fjelldalen Valldalen med Valldalsvatnet sørvest på Hardangervidda, sjå Valldalen.
Valldal er eit dalføre som går dei om lag 30 kilometrane frå Storfjorden på Sunnmøre og til toppen av Trollstigen. Elva Valldøla renn gjennom dalen. Store delar av dalføret har ein flat og lågtliggande dalbotn med god tilhøve for jordbruk, og eit varmt og godt klima har ført til at Valldalen har god produksjon av varmekjære vekstar. Det skarpt avgrensa dalføret og dei bratte fjellsidene langs Storfjorden har gjort Valldalen til eit bygdelag med klar identitet. Valldal har om lag 1000 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i naturen.
Fjørå og fjellgardane ovanfor blir administrativt ofte rekna som del av Valldal, sjølv om det ikkje ligg i sjølve dalen. Vegen til Tafjord passerer i tunnel under staden der ein fjellhammar raste ut og skapte Tafjord-ulukka. Tafjord er ikkje del av Valldal. Strandgarden Linge høyrer også til Valldal. Langdal er siste garden før fjellovergangen Trollstigen.
Valldal (eller Valdal) er også namnet på ei av dei største grendene midt i dalen.
Strandstaden Sylte ligg nedst i Valldalen, ved Norddalsfjorden i Storfjorden, midtvegs mellom dei kjende reisemåla Geirangerfjorden og Trollstigen. Sylte er sentrum i Valldal, med ei av to kyrkjer i kommunen, Sylte kyrkje, og kommunesenter for Fjord kommune, som Valldal høyrer til. På Sylte er det også daglegvarebutikkar og andre sentrumsfunksjonar.
Den nasjonale turistvegen Trollstigen-Geiranger går gjennom Valldal med Gudbrandsjuvet.[1] Valldal var også med i det tidlegare reiselivsproduktet The Golden Route.
Samferdsle og geografi
endreFrå Linge kai og opp heile dalføret til Trollstigen og kommunegrensa mot Rauma går fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63); dette er hovudvegen gjennom Valldalen. Frå Sylte går hovudvegen på austsida av elva til den kryssar elva over Uri bru, vegen kryssar igjen elva til austsida over Hoel bru. Mellom Uri bru og Hoel bru går ein mindre fylkesveg på austsida av elva forbi grendene Døving, Bjørstad, Hjelme og Heggen. Ved Alstad kryssar hovudvegen igjen elva over turistattraksjonen Gudbrandsjuvet. Ved Grønning er vegen utsett for snøskred, og om vinteren vert trafikken omdirigert over bruer til austsida av elva for å unngå skredfaren.
Frå Sylte går fylkesveg gjennom tunnel til Fjørå (med sideveg til fjellgardane Selboskar og Hauge) og vidare til Tafjord.
Mellom Linge og Eidsdal (Ytterdal) på sørsida av fjorden går det bilferje, og om sommaren tar denne ferja store delar av turisttrafikken til og frå Geiranger. Frå ferjestaden Linge går riksveg 650 vestover gjennom ei rad tunnelar mot Stordal, Sjøholt og Ålesund; om vinteren er dette einaste veg ut og inn av bygda. Før tunnelane mellom Linge og Liabygda var ferdige i 1975, var det ikkje heilårsveg ut av Valldalen. Trollstigvegen vart opna i 1936, og gav Valldal køyreveg i sommarhalvåret heilt fram til hovudvegen og Raumabanen, som då var den nye jernbana frå Åndalsnes og opp gjennom Romsdalen, knytt til Dovrebanen på Dombås.
I 1911 hadde Norddal kommune ikkje «hovudvegar», berre «bygdevegar». Før betongbrua ved Uri vart sett opp i 1924, var det ei trebru (bjelkebru) med vel 18 meter spenn over storelva ved Uri.[2]
I Valldalen er det følgjande grender og gardar, slik dei er nemnt i bygdeboka[3] og rekna frå fjorden og oppover dalen (sortert etter kva side av elva dei hovudsakleg ligg på):
Vest for elva | Aust for elva |
---|---|
Linge | |
Lingås, Muriås | |
Muri | Sylte |
Berdal, Jamtegard | |
Uri, Valdal | Døving |
Myklebust | Bjørstad |
Omenås | Hjelme |
Gjerde | Heggen |
Berli | Hoel |
Rem | Remset |
Myren | |
Alstad | Alstadsæter |
Grønning | |
Grønningsæter | |
Høghjelle | |
Langdal |
Næringsliv
endreJordbruk
endreJordbruk er den viktigaste næringsvegen i Valldalen. Valldal er kjent for jordbæra som vert dyrka her i store mengder, og ei jordbærplante med tre bær på er kommunevåpenet til Norddal kommune. I 2002 vart det levert inn rundt 840 tonn jordbær til Valldal Grønt som er den lokale grossisten for det som vert dyrka i Valldalen. Dersom ein legg til sjølvplukking og det som blir selt direkte langs vegane og på Linge ferjekai, nærmar ein seg nok rundt 900 tonn jordbær dette året. Eit par kilometer frå Sylte (sentrum) ligg strandgardane Linge, der krigshelten frå andre verskrigen, Martin Linge vart fødd. Her blir det dyrka frukt og bær (eple, pære, plomme, aprikos, morell, og faktisk også valnøtt).
I utmarka ligg ei rad setrar som høyrer til grendene, desse setrane er no i bruk til beiting og friluftsliv.[4] Beita i Valldalen er vidstrakte og sværte gode skreiv Helland. Det er gode setrar og vatnet frå smeltande brear held graset friskt heile sommaren.[5] Helland nemner at det i 1907 var «262 sætre benyttede» i Norddal kommune.[6]
Helland skreiv i 1911 at jordsmonnet i nedre del av Valldal er «sand og aur og noksaa skrind jord», medan de lengre oppe i dalen er «dels muldholdig sandjord, dels muldholdig lerjord» og dessuten «i de høiere liggende gaarde dyb muldjord på sand og aur». Han karakteriserte Valldalen som ei god kornbygd og skreiv at det i alle bygdene i Norddal var langt større kornavl enn ein utfrå landskapet skulle tru. I dalane er det «overalt god kornjorder» skreiv han med referanse til Hans Strøm. På dei nedste gardane ved elveosen tar avlinga ofte skade i tørre år. I tørre år var det vanleg å vatne åkrane på same måten som i Gudbrandsdalen ved hjelp av trerenner som leia vatnet frå elva.[7]
Rikeleg lauvskog gjorde at ein tidlegare selde ein god del ved til Ålesund.
Helse
endreMuritunet er eit rehabilitering- og opptreningssenter, og den største private verksemda i Valldal, med rundt 80 tilsette.
Industri
endreNær sentrum låg ein trevarefabrikk (nedlagt 2008), og her ligg ein betongvarefabrikk og nokre mindre industriverksemder, men Valldal har ingen større industribedrifter. I Syltemoa er det stor tilgang på sand av god kvalitet og store mengder sand har blitt henta ut og selt i distriktet.
Næringshage
endreI Valldal ligg også næringshagen Fjordhagen med lokale verksemder som
- Buholmens Byggeselskap AS
- Gjerde Maskin AS
- Høgtrykk AS
- Møre og Romsdal Fylke - Prosjektleiing Kulturlandskapsprosjekt
- Norddal kommune - Næringsavdelinga
- Nord-Vest Revisjon AS
- Språksmia AS
- Turskreddaren/Holidaymaker
- Valldal Kontor og Data ANS
- Vitafjord AS
Reiseliv
endreValldal ligg midt i turistruta mellom Trollstigen og Geiranger, og store delar av biltrafikken i tilknyting til Trollstigen og Geiranger går langs riksveg 63 gjennom dalen. Vegen over Trollstigen er vinterstengt, og vert normalt opna i slutten av mai. Etterkvart har det dukka opp tilbod for både fastbuande og forbireisande, og reiselivet har utvikla seg til ei viktig næring i bygda, og er i stadig vekst. Holsfossen, Gudbrandsjuvet og Skjærdsura er populære turistmål langs riksvegen. Det stupbratte Syltefjellet med Sylteormen kan ein sjå frå Sylte eller Muri. Det er god utsikt frå Heia, Syltefjellet og Åsen.
Camping
endreDet er mange campingplassar og villmarkscamping i Langdalen. Campingplasser som kan nemnast i rekkefølgje etter kvart som ein køyrer oppover dalen er:
- Muri Camping
- Elvebakken Camping
- Jemtegård Feriesenter
- Uritun Camping
- Valldal Camping
- Skoglund Camping
- Gjerde Camping
- Gudbrandsjuvet Camping
- Villmarks Camp Langdalen
Hotell
endre- Fjellro i sentrum (Sylte).
Servering
endre- Muritunet har kafé.
- Fjellro i sentrum (Sylte).
- Kulå serverer pizza og liknande og kan skilte med bowlingbanar.
Natur og friluftsliv
endreSjølve dalbotnen er relativt flat og stig svakt opp frå havnivå. Valldalen er omgitt av fjell på 1500-1800 meter over havet, fleire av desse alpine med spisse toppar og isbrear. Fleire ruter til Turistforeninga sine hytter i Tafjordfjella byrjar i Valldalen og følgjer lange sidedaler innover i Reinheimen. Frå Valldalen er det overgangar langs sidedaler til Stordal, Innfjorden, Romsdalen og Lesja. Frå toppen av Trollstigen (Stigrøra og Alnesreset) er det tilgang til baksida av den kjende Trollveggen i Trolltindane, og til dei særprega toppane Bispen og Kongen ved sjølve Trollstigvegen.
Valldalen er nordvestleg grense for den nye nasjonalparken Reinheimen, og store fjellområde aust for dalen ligg innanfor nasjonalparken.[8] Sidedalar som Langfjelldalen, Veslelangdalen, Steindalen og Djupdalen ligg dels innanfor nasjonalparken, i tillegg omfattar Trollstigen landskapsvernområde resten av høgfjellet aust for Valldalen og store delar av høgfjellet vest for dalen. Storelva Valldøla fører vatn frå eit stort nedslagsfelt i fjellområda og sidedaler. Med unntak av ei lita demning i Langvatnet (og eit lite kraftverk i Holsfossen) er vassdraget ikkje regulert og har få store vatn, og har av den grunn svært varierande vassføring over året. Valldøla er eit verna vassdrag.[9]
Fiske
endreValldøla, som renn gjennom Valldal, kan by på laksefiske dei første 10 km oppover dalen, og aurefiske frå Gudbrandsjuvet og heilt fram til Trollstigen. Turistinformasjonen sel fiskekort. Valldøla var tidlegare ei svært god lakseelv, og det vart bygd laksetrapper forbi Holsfossen og Kyrfonna for å la laksen gå heilt til Gudbrandsjuvet. Laksestamma har av mange årsaker gått sterkt tilbake dei siste 25 åra, og i 1991 vart elva reinsa med plantegifta rotenon i eit forsøk på å utrydde lakseparasitten gyrodactylus salaris.
Jakt
endreValldal har ei stor hjortestamme som kvar haust gjev god matauk for grunneigarane. Det blir også jakta på rådyr. Fjellområda mellom Valldal, Skjåk og Lesja har eigen reinsstamme som tidlegare også vart jakta frå Valldalssida. Rypejakt er mogleg øvst i dalen, jaktkort kan ein kjøpe på gardane øvst i dalen.
Valldal i historiske skrifter
endreI om lag 200 år var det vesle kapellet på Døving den einaste kyrkja i Valldal. Den kjende presten og vitenskapsmannen Hans Strøm skriv i 1766 «...et lidet capel, kaldet Døvings-Capel, bestandig har staaet fra de Catholske Tider, og hidindtil nogle faa Gange om Aaret været forsynet med Prædiken og Guds Tieneste, til Bekvemmelighed for Voldalens Beboere, og især for de gamle og skrøbelige, som ikke uden altfor stor Vanskelighed kan besøge den rette Sogne-Kirke.»[10] Dette bygget i tømmer vart flytta til Sylte i 1812 og tente som kyrkje for valldalingane til dagens kyrkje vart sett opp i 1863.[11]
Snorres kongesoger
endreValldal blir nemnt i Snorres kongesoger, i soga om Olav den heilage, om hendingar i året 1028. I denne soga kan ein lese om kong Olavs kamp mot sjøormen i Storfjorden. Til slutt får Olav slengt den i fjellveggen av Syltefjellet. Den dag i dag kan ein sjå Sylteormen i den bratte sørvendte veggen av Syltefjellet.
Rett ovanfor sentrum i Valldal, i Syltemoa, finn ein Olavsstøtta på Korsbrekka reist der Olav kvilte ei stund før han sette avgarde fram over Valldalen. I følgje lokal tradisjon sat Olav og såg båtane sine brenne, slik at fienden ikkje skulle kunne bruke dei, men dette er ikkje nemnt av Snorre.[12] Snorre skriv at det vart reist to krossar på Syltemoa, og tradisjonen med ein kross på Korsbrekka har blitt halde ved lag sidan då. Lenger framme i dalen finn ein Olavskjelda som visstnok skal ha helande effekt.
Under Olav si vandring oppover dalen fekk han hjelp av folk som budde på garden Grønning for å komme seg gjennom Skjærsurda, og som takk for hjelpa sa Olav at kornet aldri skulle fryse, som det ifølgje bøndene heller aldri har gjort.
Olavs reise gjennom Valldalen er også opphav til ei av dei eldste omtalane av seter i historiske kjelder:[13]
« | No fekk kongen og dei andre seg mat, og då kongen var mett, spurde han om det var noka seter i dalen ovanfor ura og nær fjellet som dei kunne vere i om natta. Men Bruse seier: 'Her er nokre setrar som heiter Grøningane, men ingen mann kan vere der om nettene for trollskap og vonde vette, som held til der ved setra'. Kongen sa at dei skulle dra dit, og at han ville vere der på setra om natta. Ved midnattestider, då dei låg og sov, lét det så avskremmeleg stygt ute på stølen: 'Såleis brenner meg no bønene hans kong Olav', sa dette vettet, 'å eg kan ikkje vera lenger i husa mine, og no lyt eg røma og aldri meir koma på denne stølen'. | » |
—Snorre:Soga om Heilag Olav[14] |
Referansar
endre- ↑ Statens vegvesen nettside for nasjonale turistvegar http://www.nasjonaleturistveger.no/no/geiranger-trollstigen Arkivert 2014-08-03 ved Wayback Machine.
- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.378.
- ↑ Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.
- ↑ Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012.
- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.364.
- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.368.
- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.362.
- ↑ Kart og verneforskrift (nettside datert 7.08.2012) http://www.dirnat.no/content/500039975/Kart-og-verneforskrift[daud lenkje] (lest 21.09.2012)
- ↑ NVE Verneplan for vassdrag 100/1 Valldøla http://www.nve.no/no/Vann-og-vassdrag/verneplan/Verneplanarkiv/More-og-Romsdal-arkiv/1001-Valldola/ Arkivert 2014-01-02 ved Wayback Machine. (lest 21.09.2012)
- ↑ Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.269-270.
- ↑ Hoel, Peder (1963): 'Sylte kyrkje 1863-1963'. Norddal Sokneråd.
- ↑ http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=110152
- ↑ Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012.
- ↑ Snorre Sturluson: Noregs kongesoger, Soga om Heilag Olav, del 179.