Vanån er ei elv i Dalarnas län i Sverige. Ho er den største sideelva til Västerdalälven, med ei lengd på 140 km[1], og eit nedslagsfelt på 1903 km².[2] Ho renn saman med Västerdalälven ved Vansbro. Middelvassføringa er 28 m³/s.[3]

Vanån
elv
Land  Sverige
Län Dalarnas län
Nedslagsfelt 2 380 km²
Lengd 110 km
Vassføring
 •  middel 28 /s
Munning Västerdal älv
 - stad Vansbro
 - koordinatar 60°30′35″N 14°14′30″E / 60.50972°N 14.24167°E / 60.50972; 14.24167
Kart
Vanån
60°30′35″N 14°14′32″E / 60.50972222°N 14.24222222°E / 60.50972222; 14.24222222
Wikimedia Commons: Vanån

Vanån er mest kjend for symjestemnet Vansbrosimningen, der deltakarane sym kring 2 km langs Vanån og 1 km langs Västerdalälven.

Den største innsjøen i nedslagsfeltet er Venjanssjön. Elva har blitt brukt til tømmerfløyting fram til først på 1970-talet. Det finst fleire mindre vasskraftverk langs elva.

Kjelder

endre
  1. SMHI:s vattendragsregister (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006 
  2. Länsstyrelsen Dalarna: Dalälvens vattenvårdsplan Delområde 26–50
  3. Nationalencyklopedin: Vanån

Bakgrunnsstoff

endre