Vaner
- For den innøvde handlinga, sjå vane.
Vanene var ei av dei to gudeættene i norrøn mytologi. Dei best kjende vanene var Njord, Frøy og Frøya, som kom til Åsgard som gissel etter den store krigen mellom dei to gudeættene. Men sjølv om det i litteraturen vert gjeve inntrykk av at vanene var ei stor gudeætt, er det ikkje andre enn Njord, Frøy og Frøya som er nemnde ved namn.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bf/The_Lovesickness_of_Frey.jpg/220px-The_Lovesickness_of_Frey.jpg)
Vanene er knytt til grøde og vokster. Vanekulten er til eit visst mål knytt til alvane, og vanaheim og alvheim ligg ifølgje Snorre nær einannan. Frøy-blotet vart òg kalla Alfablót i norrøn tid. Dei kan sjåast som representantar for den gamle grødereligionen, medan æsene med Odin og Tor i spissen i større grad stod for det krigerske og patriarkalske.
Gjenoppliva dyrking av dei norrøne gudane som legg mest vekt på vanane kan kallast vanatru.
Bakgrunnsstoff
endre- dokpro.uio.no - «Van» i Nynorsk- og Bokmålsordboka frå Universitetet i Oslo.Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.