Vang kyrkje i Valdres
Vang kyrkje i Vang kommune i Valdres i Innlandet er ei krosskyrkje i tre frå 1840.
Vang kyrkje | |||
kyrkje | |||
Vang kyrkje.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vang kommune | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Innvigd | 1840 | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Vang kyrkje i Vang 61°07′34″N 8°34′30″E / 61.12611111°N 8.575°E | |||
Wikimedia Commons: Vang kirke (Vang) |
Kyrkja har 250 plassar. Ho vart bygd til erstatning for Vang stavkyrkje, som stod på staden, men vart rive og seld av di ho var for lita og uhøveleg for bygda. Ein stein med opplysningar er sett opp på kyrkjegarden for å markere kvar denne stavkyrkja stod.
Vangsteinen, ein bilet- og runestein frå 1000-talet som var reist attmed stavkyrkja, er no er plassert attmed kyrkjeporten.
Prestegarden ligg aust for kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endre- «Vang kyrkje i Valdres». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Vang kyrkje i Valdres i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren