Vang prestegard i Valdres

61°07′33″N 8°34′35″E / 61.12579°N 8.57644°E / 61.12579; 8.57644

Vang prestegard

Kart
Vang prestegard i Valdres
61°07′33″N 8°34′35″E / 61.12579°N 8.57644°E / 61.12579; 8.57644

Vang prestegard (gnr. 32) er ein prestegard i Vang kommune i Innlandet fylke. Prestegarden ligg rett aust for Vang kyrkje, med den okergule hovudbygningen nærast E16.

Hovudbygningen ein ser i dag vart oppført i 1828, og er dermed litt eldre enn kyrkja, som er frå 1840. Det vart utført arbeid i 1866 og 1870[1] som har resultert i ein litt høgare bygning enn opphavleg med verandautbygg. Det har vore både kyrkje og prestegard på staden sidan mellomalderen.

Hovudbygningen er freda saman med drengstova (frå 1800-talet) og stabburet (frå 1897). Vang prestegard er mellom dei mindre prestegardsanlegga, men dannar ei harmonisk eining saman med kyrkja. Garden er rekna for å ha høg kulturhistorisk verdi.

Fotnotar endre

  1. Opplysningsvesenets fond

Kjelder endre