Vanleg kartlav
Vanleg kartlav (Rhizocarpon geographicum) er ein lavart av typen skorpelav som veks på stein, gjerne på sure bergartar og gjerne i fjellstrøk og høgareliggande område med lite luftureining. Det enkelte lavindivid er opp mot ein millimeter brei, grøn eller gulgrøn, og omgjeve av ein svart kant av sporar. Lavet har skiveforma svarte fruktlekamar opptil 1,5 mm i diameter. Kartlavet er godt festa til underlaget. Han kan danne store flater som gjerne står fram som kartliknande, derav namnet. Kartlavet er hardfør og kan vekse og trivast i svært ugjestmilde strøk høgt til fjells. I Noreg er han ofte dominerande i store fjellområde høgare oppe enn anna vegetasjon.
Vanleg kartlav | |
Vanleg kartlav | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrike: | Dikarya |
Rekkje: | Sekksporesoppar Ascomycota |
Underrekkje: | Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina |
Klasse: | Lecanoromycetes |
Familie: | Rhizocarpaceae |
Slekt: | Rhizocarpon |
Art: | Vanleg kartlav R. geographicum |
Vitskapleg namn | |
Rhizocarpon geographicum |
Kartlav har vore brukt til å utvikle ein dateringsmetode for stein og steinplassering. Metoden vert kalla lichenometri og baserer seg på at kartlavet har ein forholdsvis jamn ekspanderande vekst og at dei største førekomstane dermed er dei eldste. Metoden kan datere for eksempel stein i gamle gravstader og moreneførekomstar. Kartlav har mange nærskylde artar og er utbreidd over heile landet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kartlav» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Kartlav» frå Wikipedia på svensk, den 21. november 2011.