Vanse kyrkje

kyrkje i Farsund kommune

Vanse kyrkje er ei krosskyrkje i Vanse i Farsund kommune kommune i Agder. Delar av steinkyrkja er frå mellomalderen, men kyrkja vart bygd om og utvida i 1848–49. Ho har 850 sitjeplassar.

Vanse kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Sokn Lista
Fellesråd Farsund
Teknikk Mur
Material Stein (tre i gavlane)
Innvigd Mellomalderen
 - Endringar Rest. 1848–49, 1875, 1923–28, 1953–54 og 1987
Tårn I vest
Kor I austre krossarm, rett avslutta
Klokker 2, Bochumer Verein (1874)
Kyrkjegard Ja
Preikestol 1954
Døypefont Valdemar Scheel Hansteen (1954), av stein
Altartavle G.A. Lammers: Krossfestinga (1866)
Orgel Åkerman & Lund Orgelbyggeri (2000)[1]
Sitjeplassar 850[2]
Diverse Glasmåleri av Bjarne Strand (1954) og Veslemøy Nystedt Stoltenberg (1987)
Kart
Vanse kyrkje
58°06′03″N 6°41′39″E / 58.100743°N 6.69410694°E / 58.100743; 6.69410694
Wikimedia Commons: Vanse kirke

Historie endre

Ein veit ikkje sikkert når kyrkja først vart bygd, men det har vore spekulert i at ho (eller ein forgjengar) kan vere heilt frå 1037.[3] Elles meiner ein at kyrkja er frå tidleg på 1200-talet.[4] Mellomalderkyrkja var ei langkyrkje som var for lita kring midten av 1800-talet. I 1848 hadde ein byrja på arbeidet med å utvide kyrkja til krosskyrkje då galleriet ein dag svikta under ei gudsteneste. Det braut ut panikk, og åtte personar vart trampa ihel og mange fleire skadde. Det gamle koret og austveggen vart rivne, og langkyrkja vart utvida til krosskyrkje.[3]

På hausten i 1872 vart kyrkja råka av lynet og brann så berre murane stod att, men mykje av inventaret vart redda ut. Då kyrkja vart bygd opp att, fekk ho det vesttårnet ho framleis har.[5] Kyrkja vart restaurert i 1923–28 og 1953–54. Ved det siste høvet fekk ho sakristi i aust, og vindauga i austveggen i koret vart fjerna. Altarpariet vart fornya, og kyrkja fekk ny døypefont og glasmåleri i koret (av Bjarne Strand). I 1987 (950-årsjubileum basert på 1037) vart glasmåleri laga av Veslemøy Nystedt Stoltenberg installerte på vestveggen og i våpenhuset.[3]

Fotnotar endre

  1. Jf. spesifikasjonar
  2. Kyrkjesøk
  3. 3,0 3,1 3,2 Vanse kirkes historie gjennom 1000 år Arkivert 2015-06-10 ved Wayback Machine..
  4. Ekroll, s. 246.
  5. Digitalt museum – Gjenoppbygging av Vanse kirke

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre