Varanasi, tidlegare kjend som Benares, er ein by i delstaten Uttar Pradesh i India. Byen ligg på venstre breidda av av hinduismens heilage elv Ganges, og er kjenneteikna ved sine såkalla ghāṭa, ghat, dei langsgåande trappetrinna som dekkjer elvebreidda for å gje folk lett tilkomst til det heilage elvevatnet. Ettersom byen er eit religiøst sentrum ved å vere ein av dei sju viktigaste heilage byane i hinduismen, er han eit pilegrimsmål for hinduar, men jamvel òg for buddhistar, og er elles eit populært reisemål for ei mengd turistar. Talet på fastbuande er litt over ein million.

Varanasi
by
Land  India
Del av Purvanchal
Areal 82,10 km²
Folketal 1 198 491 (31. desember 2011)
Kart
Varanasi
25°19′08″N 83°00′46″E / 25.318888888889°N 83.012777777778°E / 25.318888888889; 83.012777777778
Wikimedia Commons: Varanasi

Varanasi er ifølge tradisjonen grunnlagt av guden Shiva og difor vigsla til denne guden, og byen har fleire store tempel for han. På breidda av den heilage elva Ganges gjennom byen er det ei mengd av kremasjonsplassar der likbrenninga går føre seg på tradisjonelt vis på opne bål for at leivningane deretter skal kunne kastast i den heilage elva i samsvar med hinduistisk skikk. I det same elvevatnet tek dei mange pilegrimane sine religiøst reinsande bad. Det er dessutan mange tilhengarar av guden Vishnu i Varanasi, og byen har òg store moskear for muslimar.

Byen er viktig både som jarnbaneknutepunkt og som kulturelt og kommersielt sentrum, og har ein monaleg stor tekstil- og metallindustri. Mellom anna er byen kjend for handverksproduserte silkevarer og gull- og sølvsmykke.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre