Vardim
Vardim (bulgarsk остров Вардим, ostrov Vardim) er den tredje største bulgarske øya i Donau, like i nærleiken av landsbyen Vardim i Svisjtov kommune i provinsen Veliko Tărnovo). Ho er del av eit verna våtmarksområde der sjeldne fugleartar hekkar.
Vardim | |||
øy | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Vardim 43°37′43″N 25°28′43″E / 43.628611111111°N 25.478611111111°E |
Biologisk mangfald
endreBortsett frå Vardim-eika, ein spesiell hygrofil type sommareik, finst det andre typar eik og alm på Vardim øy, i tillegg til kvitpil, sølvpoppel, svart akasie, svartpoppel og klosterklokke.[1]
Øya er ein av dei fem viktigaste hekkeområda i landet for storskarv, natthegre og skeistork, og dermed eit viktig internasjonalt ornitologisk område. Totalt hekkar 21 fugleartar, som er verna i landet, på øya.[2] Av 75 fugleartar på Vardim er 31 av dei viktige i Europa. Ein kan mellom anna sjå havørn på øya, og fram til 1985 mellom anna bronseibis og dvergskarv.
For å verne den naturlege Vardim-eika og dei mange vadefuglane, vart området eit naturreservat 5. mars 1971. Reservatet dekkjer eit området på 0,718 km², der 0,646 km² er dekt av skog. 2. juli 1998 vart området omkategorisert som eit verna område med eit areal på 0,987 km².
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 4. oktober 2007, henta 27. februar 2007
- ↑ http://www.bspb.org/ovm/18
- Denne artikkelen bygger på «Vardim» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2007.