Klosterklokke

planteart
Klosterklokke
Klosterklokke
Klosterklokke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Galantheae
Slekt: Klosterklokkeslekta Leucojum
Art: Klosterklokke L. vernum
Vitskapleg namn
Leucojum vernum

Klosterklokke (Leucojum vernum) er ei plante i klosterklokkeslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Mellom-Europa og europeisk Russland.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1948. Arten er kjend frå Oslo-området og nokre få spreidde stader i kyststrøk til Troms.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

Kjelder endre

  1. «Artsdatabanken: Klosterklokke». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 213. 
  3. «Fremmedartslista 2023: klosterklokke Leucojum vernum L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Leucojum vernum klosterklokke». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 9. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre