Opna hovudmenyen

SkildringEndra

Ungfuglen har svart og brun stjert med noko lyst i og svart nebb. Vaksne fuglar har kvit stjert og gult nebb. Begge kjønn har same utsjånad.

Havørna blir mellom 87 og 100 cm lang. Den vaksne hofuglen kan ha eit vengespenn på opptil 240 cm, medan hannfuglen er noko mindre. Ein fugl kan bli opptil 50 år gammal, men det er sjeldan.

LevevisEndra

Havørna lever av fisk og sjøfugl, men tek òg åtsel.

Ho byggjer store reir av kvister og greiner som ho forer med lyng, tang, mose og gras. Ofte bruker ørna same reir i fleire år. Ho legg egg mellom slutten av mars og mai. Dei to–tre egga blir ruga på i 35 til 45 dagar av begge foreldra.

LeveområdeEndra

Eldre havørnar held seg som oftast på ein stad, medan yngre fuglar streifar rundt omkring og trekkjer til dels sør- og vestover om vinteren.

NoregEndra

I Noreg finst ørnane langs kysten frå Finnmark til Vest-Agder. Dei hekkar på øyar og holmar langs heile kysten, men mest i Nord-Noreg. Ifølgje Norsk Raudliste har talet på dyr vore veksande dei siste tretti åra, og bestanden på 4000–6000 reproduserande individ er rekna som robust. Utbygginga av vindmøller i hekkeområda har likevel medført fleire dødsfall.[1]

SverigeEndra

I Sverige hekkar havørna først og fremst ved Østersjøkysten, ved sør- og mellomsvenska sjøar og i Lappland.[2] EIn kan sjå den i heile Sverige og har vore hekkfugl i alle svenske landskap utanom Dalsland, Härjedalen og Jämtland.[3] Svenske havørnar kan vinterstid flytte sørover så langt som til Mellom-Europa, men kan òg flytte kortare strekningar eller bli verande i hekkeområdet.

DanmarkEndra

Havnørna er ein relativt sjeldsynt fugl i Danmark, idet den opphavlege bestanden vart utrydda i 1917, men den gjeninnvandra i 1995 og bestanden er no stigande. Den finst hovudsakleg i Sønderjylland og i Østersjøområdet m.a. på det sørlege Sjælland og Lolland-Falster. Den er lettast å sjå om vinteren.

KjelderEndra

  1. Frøyland, R., Ni havørn drept av vindmøller på Smøla siden august, Bellona, 11/05-2006.
  2. Naturhistoriska riksmuseet (2008) Havsörn, läst 2008-12-17
  3. http://kryss.club300.se/svelist/fynd_sv.asp?artkod=3347 Club 300, Svenska fågellistan

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Havørn