Varietet i språkvitskap

Varietet vert definert i lingvistikken som ei språkform som vert delt av ei viss gruppe talarar. Det er ein paraplyterm som inkluderer både språk og dialekt. Bruken av omgrepet varietet unngår å skilje mellom språk, dialekt, sosiolekt, etnolekt ol. Motivasjonen for ein slik paraplyterm, er at grensa mellom desse termane, f.eks. språk og dialekt kan vere vanskelege å definere vitskapleg.[treng kjelde]

Dette vil seie at det som i daglegtalen vert kalla norsk språk, er ein varietet. Det same gjeld trøndske dialektar (eller geolektar), slik dei er talte i Trøndelag. Tradisjonelle sosiolektar som Oslo øst og Oslo vest, er også døme på varietetar. Andre døme på varietetar med lang eksistens i Noreg er dei ulike samiske språka, til dømes nordsamisk og sørsamisk. Dei er ulike varietetar, og dei er samstundes avstandsspråk (altså ikkje gjensidig forståelege).

Kjelder endre