Varmefluks, termisk fluks eller varmestraumtettleik er mengda varmeenergi overført gjennom ei viss overflate. Den SI-avleidde eininga for varmemengda er joule per sekund, eller watt. Varmefluks er varmemengda per eining areal. I SI-eininga vert varmefluksen målt i [W/m2].[1] Varmemengda er ei skalar mengd, medan varmefluken er ei vektormengd. For å definere varmefluksen ved eit visst punkt i rommet tar ein det avgrensa tilfellet der storleiken av overflata blir uendeleg liten.

Varmefluks gjennom ei overflate.

Varmefluksen blir ofte skrive , der q syner til varmemengda i motsetnad til massen eller momentum-mengda. Fouriers lov er eit viktig bruksområde for desse konsepta.

Kjelder

endre
  1. The NIST Reference on Constants, Units, and Uncertainty http://physics.nist.gov/cuu/Units/units.html