Vasil'evbreen
isbre på Spitsbergen, Svalbard
77°03′N 16°40′E / 77.050°N 16.667°E Vasil’evbreen er ein 20 km brei isbre på Spitsbergen. Han ligg på austsida av Sørkapp Land. I tilknyting til denne ligg småbreane Pulkovbreen, Øydebreen, Kronglebreen, Brattkneikbreen, Leifbreen og Lathambreen.
Breen har namn etter den russiske astronomen Alexandr Semenovich Vasil’ev (f. 1868), medlem av ein svensk-russisk ekspedisjon til Svalbard i 1899-1902.
Kjelder
endre- The Place Names of Svalbard, Norsk polarinstitutt rapport 122 (2003) ISBN 82-7666-194-7