Vasilij P. Rotsjev


Vasilij Pavlovitsj Rotsjev (fødd 22. desember 1951) er ein tidlegare langrennar som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister med det sovjetiske stafettlaget under Vinter-OL 1980.

Vasilij P. Rotsjev


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 22. desember 1951 (72 år)
Bakur
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1974
Utmerkingar Idrettens mester i Sovjetunionen

Rotsjev tok bronsemedaljen på 15 km i Ski-VM 1974, berre halvtanna sekund bakom vinnaren Magne Myrmo. To dagar seinare gjekk Rotsjev den tredje etappen for Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett. Han vann deretter 15-kilometeren i Lahti åra 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske vinterleikane i Lake Placid i 1980 gjekk han inn til sølvmedalje på tremila, for så å gå startetappen for det sovjetiske vinnarlaget i 4 x 10 km stafett.

Sonen Vasilij V. Rotsjev vann ein gullmedalje i Ski-VM 2005.

Kjelder

endre