Magne Myrmo
Magne Gunnbjørn Myrmo (fødd 30. juli 1943 i Rennebu i Sør-Trøndelag) er ein norsk tidlegare langrennar. Frå slutten av 1960-talet og i over eit tiår var han mellom dei beste norske langrennarane.
Magne Myrmo | |
![]() | |
Fødd | 30. juli 1943 (77 år) Rennebu |
Yrke | langrennsløpar |
Magne Myrmo på Commons |
Fremste prestasjonaneEndra
Myrmo er kjend som «den siste verdsmeister på treski». Under VM på ski 1974 i Falun tok han gull på 15 km, eit knapt sekund framom Gerhard Grimmer, som gjekk på nye glasfiberski. Under OL i 1972 vann han sølvmedaljen på 50-kilometeren etter Pål Tyldum. Bronsemedalje frå VM-stafetten 1974.
Han vart norgesmeister to gongar (1971 og 1972), vann fem NM-sølv og åtte NM-bronser.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra
- 1967: Nr 13 på femmila i Holmenkollen.
- 1968: Nr 6 på tremila i Svenska skidspelen i Falun.
- 1969: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Tredjeplass på femmila i Holmenkollen.
- 1970: Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen. Nr sju på tremila under VM i Štrbské pleso.
- 1971: Nr 5 på femmila i Holmenkollen.
- 1972: Sølvmedalje på femmila under OL i Sapporo. Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen.
- 1973: Nr tre i begge renna (15 km og 50 km) i Lahti.
- 1974: Verdsmeister på 15 km i Falun, og vinnar av femmila i Holmenkollen.
- 1975: Tredjeplass på femmila i Holmenkollen.
- 1976: Tredjeplass på 15 km i Holmenkollen.
- 1977: Nr 6 på femmila i Holmenkollen.
- 1978: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Andreplass på femmila i Holmenkollen.
- 1979: Nr 11 på femmila i Holmenkollen.
I verdsmeisterskapen i 1974 gjekk han startetappen på det norske stafettlaget, som vann bronsemedaljane.
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra
- 1966: Nr 8 på femmila, Rena.
- 1967: Nr 5 på tremila, Skorovatn.
- 1968: Nr 6 på femmila, Hønefoss.
- 1969: Nr 6 på femmila, Alvdal.
- 1970: Nr 6 på femmila, Meldal.
- 1971: Gullmedalje på femmila, Fåberg.
- 1972: Gull på 15 km og sølv på femmila, Tydal.
- 1973: Sølv på 30 km, Fåberg og bronse både på 15 km og 50 km, Lillehammer.
- 1974: Bronsemedalje både på tremila i Selbu og på femmila i Sørreisa.
- 1975: Sølv på femmila i Flatebygd og bronse på tremila i Heddal.
- 1976: Sølvmedalje på 15 km i Surnadal.
- 1977: Bronsemedalje på 15 km i Vang.
- 1978: Sølv på 50 km, bronse både på 15 km og 30 km, alle renna på Konnerud.
Magne Myrmo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1972.
Myrmo vart i 1974 kåra til «Årets idrettsnamn» og fekk Sportsjournalistenes statuett.
KjelderEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar