Vasilij Vasiljevitsj Rotsjev (fødd 23. oktober 1980) er ein russisk tidlegare langrennar frå Syktyvkar. Han vart verdsmeister i sprintøvinga i 2005, og vann to VM-sølv i 2007, samt ein bronsemedalje både under VM 2005 og OL 2006. Foreldra hans, Vasilij P. Rotsjev og Nina Seljunina, høyrde i si tid begge med i verdstoppen i langrenn.

Vasilij V. Rotsjev
Vasilij Rotchev Ivan Isaev Russian Ski Magazine.JPG
Fødd 23. oktober 1980
Syktyvkar
Yrke langrennsløpar
Vasilij V. Rotsjev på Commons

AktivEndra

Rotsjev vann to langrenn i verdscupen, begge i 15 km klassisk stil. Fyrste triumfen kom i Kuusamo 30. november 2002, den andre i Otepää den 7. januar 2006. Dessutan vann han to sprintstafettar, den fyrste i Lahti i mars 2004 i spann med Nikolaj Pankratov, den andre i Bern i desember same året, då i par med Ivan Alypov. Under verdsmeisterskapen 2005 i Oberstdorf gjekk han, noko overraskande, inn til VM-gull i sprintøvinga, framom favorittane, Tor Arne Hetland på sølvplass, og den svenske bronsemedaljøren, Thobias Fedriksson. Sjølv gjekk Rotsjev inn til VM-bronse i 4 x 10 km stafett, Noreg og Tyskland stakk av garde med dei andre medaljane.

Under Vinter-OL 2006 i Torino sikra Rotsjev og Alypov seg bronsemedaljen i sprintstafetten. Den 17. desember 2006 vann Russland eit verdscuprenn over 4 x 10 km i franske La Clusaz, med eit lag som bestod av Pankratov, Rotsjev, Aleksandr Legkov og Jevgenij Dementjev. Under Ski-VM 2007 i Sapporo kneip dei same fire utøvarane sølvmedaljen i øvinga, Noregs ankermann Petter Northug vann då ein klar spurtsiger. I den same meisterskapen vann Rotsjev, i par med Nikolaj Morilov, også VM-sølv i parstafetten, etter at Morilov vart slått på målstreken av Italias ankermann Cristian Zorzi.

Etter 2009 deltok Rotsjev lite og inkje i internasjonale tevlingar.

KjelderEndra