Vaskemaskin

Maskin som vaskar klede automatisk

Vaskemaskin er ein type kvitevare utforma for å vaska klede. Den vanlegaste typen vaskemaskin (for hushald) brukar vatn, vaskemiddel og eventuelt tøymjuknar til dette. Den første vaskemaskina ein kjenner til blei bygd i 1851, men ein serieproduserte ikkje slike maskinar før på 1920-talet. Vaskemaskinar til hushaldsbruk blei vanlege i norske heimar etter andre verdskrigen.

Vaskemaskin frå 2020
Industriell vaskemaskin

Industrielle vaskemaskinar blir brukte i industrien og er gjerne større og meir kompliserte enn dei til hushald. Ein kan bruka dei både til å vaska tøy og andre typar artiklar.

Hygiene endre

For å oppnå eit tilstrekkeleg hygienenivå (termisk desinfeksjon) når ein vaskar tekstilar som blir nytta på kjøkken, har Mattilsynet gjeve føring om å nytta eit program med ein temperatur på minimum 65 °C. I praksis tyder det ofte 95 °C då mange vaskemaskiner ikkje har temperaturinnstillingar mellom 60 og 95 °C.[1]

Montering endre

I motsetnad til oppvaskmaskinar har dei fleste klesvaskemaskinar ikkje vasslås. Dei fleste forsikringsselskap krev difor at klesvaskemaskinar skal monterast på våtrom for å unngå vasskade i romma dersom det skulle oppstå ein feil med klesvaskemaskinen.

Brannfare endre

Både vaskemaskinar og oppvaskmaskinar inneheld mykje brennbart materiale, og det blir ikkje rådd til å setja dei i gang utan at ein er heime og våken.[2][3][4] Det kan oppstå eksplosive brannar som kan forårsaka husbrann, sjølv om vaskemaskinen står på eit rom der golv, vegger og tak er dekte med betong eller gips.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vaskemaskin