Vassårflata
Vassårflata er ei flate i furuskogen på Heidalsskogen i Vågå kommune i Oppland. Andre gamle namn på plassar som ligg inntil er Reiret, Sagbryggja og Kvannberget. Dette er stadnamn etter den gamle vegen frå Lalm til Bringen, ei setergrend i Vågåfjellet. På Vassårflata samlast ungdommen frå Reiregrenda til fest på våren og sommaren. Her fyra dei bål og dansa på grassletta etter musikk frå lokale spelemenn. Frå Vassårflata ser ein Heidalsmuen, ein stor rund fjellformasjon i Heidal, Sel kommune. Eit gamalt lokalt vêrteikn er at når tåka ligg rundt toppen av Heidalsmuen, når han «tek lua på», blir det regn før kvelden. Ein kan òg sjå Heidalsskogen, området der eventyret om trolla på Heidalsskogen skal ha sitt opphav frå.