Vasto

kommune i Italia

Vasto er ein by og ein kommune i provinsen Provinsen Chieti i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har om lag 39 000 ibuarar og eit areal på 70,7 km². Byen Vasto ligg ein kilometer frå Adriahavet, då det ikkje er ei naturleg hamn på kysten.

Utsyn mot Vasto

Byen har fleire gongar vorte råka av jordskjelv, det siste i 1956. Vasto har likevel vore i sterk utvikling etter 2. verdskrigen. Staden har fått meir industri, og har begynt å satse på turisme. Strendene ved Marina di Vasto litt sør for byen, samt avdekking og utstilling av mange av bygningane frå romartida, dannar grunnlaget for turistnæringa.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Vasto» frå dk, den 5. februar 2014.