Vatsfjorden

fjord i Rogaland fylke i Noreg

Vatsfjorden er ein fjordarm av Yrkefjorden i Vindafjord kommune i Rogaland. Han har innløp mellom Breidavika og holmen Kattrauv og strekkjer seg 5 km nordover til Åm.

Like innanfor innløpet ligg Raudnes på vestsida og rett nord for neset ligg Indralandsvika ved grenda Indraland. Nord for Indraland ligg grendene Eikanes og Hamre, medan Stokkaland ligg tvers over fjorden på austsida. Det ligg fleire holmar i den indre delen av fjorden og nord for desse vert den inste delen av Vatsfjorden kalla Åmsosen, etter tettstaden Åm.

Vatsfjorden har dei siste åra vorte utsett for forurensing grunna fleire uhell med kvikksølv frå eit oljeskrot mottaksanlegg, eigd av AF Gruppen. Dette anlegget blei etablert i 2004.

Vatsfjorden er grunn og ligg godt verna for vêr og vind. Han har derfor vore nytta til å kople saman store condeep-oljeplattformar. Den siste var Troll A.