Troll A er ei oljeplattform (gassplattform), sett opp for å utvinna naturgass frå Trollfeltet. Bygginga av Condeep-plattforma var eit av dei største ingeniøroppdraga gjennom historia. Statoil er operatør for feltet. Gassen vert send inn til Kollsnes i Øygarden kommune, der gassen vert prosessert. Plattformunderstellet vart bygd av Norwegian Contractors for Norske Shell, som var operatør i utbyggingsfasen, medan plattformdekket vart bygd ved Aker Stord. Plattformaunderstellet er bygd av armert betong. Ho står på havbotnen 303 meter under havoverflata.

Troll A

Gass vert utvunne frå 40 gassbrønnar, og vert frakta gjennom ulike røyrleidningar. Understellet og dekket vart bygd kvar for seg (med byggestart i 1991-1992). Dekket vart sett på medan understellet var delvis søkt ned. Troll A vart taua over 200 km frå Vats, nord i Rogaland fylke, og ut til Trollfeltet 80 km nordvest for Bergen. Då plattforma vart taua ut i Nordsjøen i 1995, vart det sendt på fleire fjernsynskanalar. Tauinga tok sju dagar.

I oktober 2006 heldt Katie Melua ein konsert nedst i det eine betongbeinet til Troll A plattforma. Konserten sette ein ny Guiness verdsrekord for å vera den konserten som er halden djupast under havoverflata.

Nokre fakta endre

  • Sett på plass på feltet: 17. mai 1995
  • Produksjonsstart 9. februar 1996
  • Plattforma er det høgaste byggverket som er flytta av menneske. Plattforma er totalt 472 meter høg, av dette 369 meter under vatn.
  • Plattformvekta er 656 000 tonn
  • Trollfeltet er rekna totalt å innehalda kring 1300 milliardar kubikkmeter naturgass
  • Plattforma vart i 1999 kåra av lesarane av Teknisk Ukeblad til århundrets ingeniørbragd
  • Pr. 31.12.2005 er det investert totalt 53,9 milliardar 2006-kroner i feltutbygginga av Troll Gass

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre