Ve og Vilje (norrønt og Vile) er to æser i norrøn mytologi som er brørne til Odin. Alle tre er søner av Bor, sonen til den første mannskapningen Bure, og jotunkvinna Bestla. Ve er yngst, Vilje er den mellomste og Odin er eldst.

Ve, Vilje og Odin drep urjotnen Yme.

Ifølgje Den yngre Edda er Ve og Vilje er med på å ta livet av Yme og skapa verda av han. Dei skapar også dei første menneska, Ask og Embla, saman med Odin. Vilje gjev trestokkane dei er laga av, rørsle og forstand, medan Ve gjev dei form, tale, syn og høyrsle. I eddakvadet Voluspå er det derimot Odin, Høne og Lodur som skapar Ask og Embla. Det er mogleg at Ve er synonymt med Honr, Høn eller Høne, medan Vilje kanskje er det med Lodur, Loke og Mundilfore.

Vilje og Ve styrte riket når Odin var vekke. I Ynglingesoga i Heimskringla av Snorre blir det fortalt at ein gong Odin var borte så lenge at æsene ikkje trudde han skulle koma attende, blei dei begge gifte med kona hans Frigg og delte arven etter han mellom seg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ve og Vilje