Guden Høne

(Omdirigert frå Åsen Høne)

Høne (norrønt Hǿnir) er ein ås i den norrøne gudelæra.

Høne i ein illustrasjon i eit islandsk handskrift frå 1600-talet

Etter Voluspå skapte han, saman med Odin og Lodur, dei første menneska. Ved skapinga gav Odin ånd, Høne gav tanke og Lodur gav blod og kroppsvæsker. Høne kan reknast som eit aspekt av Odin.

Når ein sidan møter Høne på nytt, er han utan vett. Sidan er er unyttig, vert han send som gissel til vanane, si bytte omot Frøy og Njord.

Høne har mindre roller i Haustlong og Reginsmål.

I den færøyske mellomalderballaden Lokka táttur vernar Høne ein gardbrukarson gjennom å lokka til seg sju svaner.[1]

Ein kjenner ikkje spor eller minne av noka dyrking av guden Høne.[2] I mellomalderen vart Hønir eller Høne bruka som mannsnamn.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Joseph S. Hopkins for Mimisbrunnr.info, November 2021. Lokka Táttur. 1. Introduction.
  2. Høne i SNL