Vegard Skogheim

norsk fotballspelar

Vegard Skogheim (fødd 28. april 1966) er ein norsk fotballtrenar, og tidlegare fotballspelar. Han er hovudtrenar for HamKam, og har tidlegare vore trener hos Kongsvinger, FF Lillehammer og Brumunddal. Kallenamnet er «Skogen». Han har totalt 316 kampar for Ham-Kam, 76 kampar for Viking og fem for Werder Bremen. Han fekk òg 13 kampar for A-landslaget, og skåra eitt mål. Han debuterte mot Egypt i 1984. Han var aktuell for troppen som skulle til VM i USA, men vart langtidsskadd hausten 1993.

Vegard Skogheim
Personleg informasjon
Fødd28. april 1966 (57 år)
FødestadHamar i Noreg
Høgd174 cm
SpelarposisjonMidtbane
Seniorspelar*
ÅrLagKmp (mål)
1983–1988Hamarkameratene0112 0(19)
1988Werder Bremen03 0(0)
1989–1995Hamarkameratene0122 0(24)
1995–1998Viking060 0(12)
1999–2000Hamarkameratene029 0(11)
Landslag
1982Noreg G1603 0(1)
1982–1983Noreg G1908 0(0)
1984–1987Noreg M21018 0(1)
1984–1992Noreg013 0(1)
Trenarlag
2001Brumunddal
2002FF Lillehammer
2003–2006Kongsvinger IL
2006–2009HamKam (Assistent)
2009–0HamKam (hovudtrenar)
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Karrieren som fotballspelar endre

Som utøvar spelte han for Hamarkameratene, Viking Fotballklubb og Werder Bremen. Han spelte for Hamar-laget frå 1983 til 1995, med eit kort Tysklandsopphald i 1988. Han drog saman med Rune Bratseth, men vart ikkje ein like stor suksess som Bratseth og vendte snart tilbake til Ham-Kam. Han takka nei til eit tilbod frå Rosenborg i 1993. Då Ham-Kam rykte ned frå Tippeligaen i 1995, ønskte Skogheim å prøve eit anna lag, og gjekk til Viking, der han spelte til 1998. Etter sesongen la han opp fotballkarrièren og gjekk over i jobb som sportsjournalist i Hamar Dagblad.

I 1998 rykte Ham-Kam ned til 2. divisjon, og sesongen 1999 starta ikkje som venta. Tapet for GreiBriskeby gressbane i andre serierunde vert jamleg nemnt av supporterane som den største nedturen i den nyare historia til klubben. Ein pressa Skogheim valde å finne fram fotballskoa att og gjorde comeback mot Årvoll 13. juni. HamKam vann 6–1, og Skogheim skåra to mål. Av dei 12 kampane med Skogheim i 2. divisjon vann laget sju, spelte to uavgjort, og tapte tre. Sesongen enda med opprykk etter play-off mot Vidar. Skogheim spelte òg for HamKam i 2000 i 1. divisjon, før han la opp for godt.

Skogheim fikk med seg 13 A-landslagskampar, 18 kamper for ungdomslandslaga, åtte for junior- og tre for guttelandslaget.[1]

Karrieren som fotballtrenar endre

Skogheim var trenar i Brumunddal Fotball i 2001, og i Faaberg Fotball Lillehammer i 2002. Deretter fortsette han i Kongsvinger i 2003, og førte laget opp frå 2. divisjon til 1. divisjon i denne første sesongen. Han opplevde suksess blant anna gjennom å satse på unge lokale talent framfor å hente inn dyre spelarar utanfrå. Òg 2004-sesongen vart ein opptur, da Kongsvinger sikra tredjeplassen i divisjonen og spelte, men tapte, kvalifisering om opprykk mot Bodø/Glimt. Hausten 2006 fekk Skogheim beskjed om at han ikkje lenger var aktuell som trenar for Kongsvinger, og vart seinare på hausten tilsett som spelarutviklar og assistenttrenar i Ham-Kam på ein pressekonferanse den 13. november 2006. Den 11. juni 2009 overtok Skogheim som hovudtrenar i HamKam etter Arne Erlandsen.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre