Velebit er den største, men ikkje høgaste fjellkjeda i Kroatia. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Vaganski Vrh på 1 757 m. Fjellkjeda er ein del av Dei dinariske Alpane, og ligg langs kysten av Adriahavet, og Lika i indre strøk. Velebit byrjar nær Senj i nordvest ved fjellovergangen Vratnik, og endar opp 145 km lenger søraust nær kjelda til elva Zrmanja og byen Knin.

Velebit
fjell
Sentrale delar av Velebit
Land  Kroatia
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 757 moh.
Koordinatar 44°32′N 15°14′E
Kart
Velebit
44°32′00″N 15°14′00″E / 44.533333333333°N 15.233333333333°E / 44.533333333333; 15.233333333333
Wikimedia Commons: Velebit

Velebit vert vanlegvis delt inn i fire område:

  • den nordlege delen mellom fjellovergangen Vratnik og Veliki Alan. Den høgaste toppen her er Mali Rajinac (1 699 m)
  • den midtre delen mellom Veliki Alan og Baške Oštarije. Den høgaste toppen her er Šatorina (1 624 m)
  • den sørlege delen mellom Oštarije og Mali Alan (toppane Vaganski vrh - 1 757, Sveto brdo - 1 753)
  • den søraustlege delen med Crnopac som den høgaste toppen.

Heile Velebit er ein naturpark, som òg inneheld to nasjonalparkar: Paklenica og Sjeverni Velebit.

Sjeverni Velebit er vidare delt inn i spesialreservatet Hajdučki i Rožanski Kukovi, som er den mest verna statusen eit område kan få i Kroatia. Offisielt er det ikkje tillate med menneskeleg aktivitet her (bortsett frå forsking). Desse områda er lite utforska og inneheld den mest ville naturen i Kroatia, og det vil sannsynlegvis halde seg slik i framtida.

Ein gangsti kalla Premužićeva staza (Premužić sin sti) går gjennom dei nordlege og midtre delane av Velebit. Gangstien vart bygd mellom 1930 og 1933 og knyter saman nordlege og sørlege delar av Velebit. Han er 50 km lang, og mange område i Velebit hadde vore utilgjengeleg utan denne.

Velebit har òg den lengste og djupaste grotta i Kroatia. Den tredelte «Lukina jama»-grotta er 1 392 meter djup, medan «Slovačka jama» er 1 320 m.

Den imponerande naturen på Velebit har gjort det til eit nasjonalsymbol i Kroatia. Det finst ei patriotisk folkevis kalla Vila Velebita, som personifiserer ein slavisk fe som Velebit.

På Velebit kan ein sjå Degenia velebitica, ein endemisk og verna planteart av hundesennepfamilien.

Bakgrunnsstoff endre