Vendôme er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loir-et-Cher i regionen Centre. Byen har om lag 17 000 innbyggjarar.

Vendôme
Elva Loir i Vendôme
Elva Loir i Vendôme
Elva Loir i Vendôme
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Loir-et-Cher
Geografi
Flatevidd 23,89 km²
Flatevidd
 - By

23,89 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

17 707
  741/km²
Koordinatar 47°48′N 01°04′E / 47.800°N 1.067°E / 47.800; 1.067
Høgd over havet 82 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 41100

Geografi endre

Vendôme ligg 35 km nordvest for byen Blois og 40 minutt frå Paris med TGV-tog. Byen ligg ved elva Loir.

Historie endre

Vendôme ser ut til å ha vore ein gallisk oppidum, som seinare vart erstatta av eit føydalt slott der det voks ein by rundt. Kristendomen vart introdusert til byen av St. Bienheuré på 400-talet, og det viktige klosteret av Treeininga (som hevda å ha ei tåre som Jesus fall ved grava til Lasarus) vart grunnlagd rundt 1030. Då Huset Capet regjerte i området, vart Vendôme hovudstad i eit grevskap som høyrte til Bouchard, kalla «den ærverdige», som døydde i klosteret Saint-Maur-des-Fossés i 1007.

Via forskjellige giftarmål gjekk byen til huset Nevers, Preuilly og Montoire. Bouchard VII, greve av Vendôme og Castres (døydde om lag 1374), hadde berre systera Katrine som arving. Ho var kona til John frå Bourbon, greve av la Marche. Då Karl av Bourbon var greve av Vendôme fekk han status som hertug og vart ein del av adelen i Frankrike på 1500-talet. Son hans, Antoine de Bourbon, konge av Navarre, var far til Henrik IV, som gav hertugdømet Vendôme til den uekte son sin Cæsar i 1598. Cæsar, hertug av Vendôme, tok del i uroa som pågjekk i Frankrike under styret til Kardinal Richelieu og Kardinal Mazarin. Mannslinja i familien hans stoppa med Louis XIV sin vidkjende general, Louis Joseph, duc de Vendôme (1645-1712).