Blois er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonssentrum) i departementet Loir-et-Cher i regionen Centre. Byen ligg ved elva Loire mellom Orléans og Tours, og har om lag 50 000 innbyggjarar.

Blois
Bru over Loire i Blois
Bru over Loire i Blois
Bru over Loire i Blois
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Loir-et-Cher
Geografi
Flatevidd 37,46 km²
Flatevidd
 - By

37,46 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

49 171
  1 313/km²
Koordinatar 47°36′N 01°20′E / 47.600°N 1.333°E / 47.600; 1.333
Høgd over havet 73 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 41000
Heimeside: www.ville-blois.fr

Historie endre

Blois har spor heilt tilbake til antikken, men vart først nemnd av Gregorius av Tours på 500-talet, og vart lagt merke til på 800-talet då han vart sete for eit mektig grevskap. I 1171 var det jødiske samfunnet i byen skulda for ritualmord, noko som enkelte hevdar førte til at 31 jødar vart brend på bålet. I 1196 gav grev Louis privilegium til innbyggjarane i form av at dei fekk kommunestatus, noko han hadde gjennom mellomalderen. Grevane av Châtillon-familien heldt seg mykje i Blois, og dei eldste delane av slottet (frå 1200-talet) vart bygd av dei. I 1429 hadde Jeanne d'Arc base i Blois då ho frigjorde Orléans. Etter at Karl av Orléans kom tilbake frå fangenskap i England busette han seg i slottet, der son hans, Louis XII, vart fødd i 1462. På 1500-talet var det franske hoffet ofte på vitjing i Blois. Traktaten i Blois, som mellombels stoppa den italienske krigen, vart underskriven her i 1504-1505.

Det var mange kalvinistar av innbyggjarane i byen, og i 1562 og 1567 oppstod det kampar mellom dei og tilhengjarar av den katolske kyrkja. I 1576 og 1588 valde Henrik III, konge av Frankrike, Blois som møtestad for États généraux, og i 1588 tok han livet av Henrik I, hertug av Guise, og bror hans, Louis, som var erkebiskop i Reims og kardinal, i Château de Blois. Kort tid etter tok han òg livet av dronningmora Catherine de' Medici. Frå 1617 til 1619 budde Marie de' Medici, kona til Kong Henrik IV, i slottet, som kort tid etter vart gjeve bort av Kong Louis XIII til bror sin Gaston, hertug av Orléans, som budde der til han døydde i 1660.

Bispedømet går tilbake til slutten av 1600-talet. I 1814 var Blois ei kort stund sete for regentskapet til Marie Louise, kona til Napoleon I.

Blois vart okkupert av Tyskland under den andre verdskrigen, som tok byen 18. juni 1940. Byen vart frigjeven av amerikanske soldatar dei to siste vekene av august 1944. I begge tilfelle vart byen bomba gjennom fleire dagar.

Attraksjonar endre

Det vidkjende Château de Blois, eit renessanseslott som ein gong tilhøyre kong Ludvig XII, ligg i sentrum av byen. Ei bru frå 1700-talet går over Loire. Sidan Blois er bygd i ei bratt åsside, går det svingande og bratte gangstiar gjennom byen. Sør for byen ligg Forêt de Russy som eit minne om dei djupe skogane som ein gong dekte området.

Bakgrunnsstoff endre