Nemninga venstresosialist blir bruka om sosialistar som meiner leiinga i dei etablerte sosialdemokratiske partia har gått bort frå ein sosialistisk politikk. Det finst venstresosialistar som ein opposisjon innanfor slike sosialdemokratiske parti, men i somme land er det blitt etablert venstresosialistiske parti, anten ved at venstresosialistar har blitt utestengde frå eller brote ut av det etablerte sosialdemokratiet, som da Sosialistisk Folkeparti (no Sosialistisk Venstreparti) blei danna i Noreg, eller ved at kommunistiske parti har omdanna seg til venstresosialistiske parti, som Vänsterpartiet i Sverige. Somme omdanna eller reformerte kommunistparti har halde på kommunistnamnet, og blir såleis gjerne kalla reformkommunistar, såleis til dømes Det franske kommunistpartiet PCF. Nemninga venstresosialistisk kan også brukast om radikale sosialistparti frå ein meir eller mindre trotskistisk tradisjon, som Det skotske sosialistpartiet SSP.