Vera Jakovlevna Komisova (fødd V.J. Nikitina11. juni 1953) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen og vart olympisk meister på 100 meter hekk i 1980.

Vera Komisova
Verkeleg namn Вера Яковлевна Комисова
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 11. juni 1953
St. Petersburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Komisova vart sovjet-meister på 100 m hekk i 1979. Året etter vann ho den olympiske gullmedaljen i øvinga då dei olympiske sommarleikane 1980 fann stad i Moskva, framfor europameisteren Johanna Klier. Fire dagar etter gulløpet på hekken sprang Komisova den fyrste etappen for Sovjetunionen i 4 x 100 m stafett, ei tevling som enda med sølvmedalje for Komisova og lagveninnene, eit halvt sekund bak Aust-Tyskland. Den 5. august, berre åtte dagar etter OL-sigeren, sette Komisova personleg rekord på korthekken med tida 12,39 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra