Johanna Klier
Johanna Klier, fødd Johanna Schaller, (fødd 13. september 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Artern i Thüringen som tevla for Aust-Tyskland på 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1976 og europameister i 1978.
Johanna Klier | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 13. september 1952 (72 år) Artern |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, East German athletics championships 1978, East German Athletics Championships 1980, EM i friidrett 1978, EM i friidrett innendørs 1978 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Aktiv
endreJohanna Schaller vann gullmedaljen på 100 meter hekk under sommar-OL 1976 i Montreal. Med tida 12,77 slo ho sølvmedaljøren Tatjana Anisimova med eitt hundredels sekund og bronsekvinna Natalja Lebedeva med tre hundredels sekund.
Som Johanna Klier vann ho EM-gull på korthekken i Praha i 1978. Ho vart klokka inn på 12,62 sekundar, atter med Anisimova på sølvplass, då med 12,67. To år seinare kom Klier i mål til sølvmedalje på 12,63 sekundar under sommarleikane i Moskva, Vera Komisova frå Sovjetunionen vart olympiameister mde 12,56.
Ho vart austtysk meister på 100 meter hekk i 1976, 1977, 1978 og 1980.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johanna Klier» frå Wikipedia på tysk, den 6. september 2014.