Verdens Gang (1868–1923)

Verdens Gang var opphavleg eit vekeblad, seinare ei dagsavis (frå 1885), som vart gitt ut i Kristiania mellom 1868 og 1923. Bladet vart stifta av lærar og telegrafist Peder Olsen, som også var redaktør i avisa fram til han døydde i 1876. I 1878 tok Ola Thommessen over som redaktør. Han gjorde avisa til det mest innverknadsrike dagbladet for venstresida i Noreg, og den mest utbreidde politiske avisa i landet. Etter kvart vart avisa eit organ for Frisinnede Venstre.[1]

Karikaturtegning av Andreas Bloch fra «Korsaren» 1905: Stortingspresident Carl Berner vernar redaktørane Amandus Schibsted (Aftenposten) og Nils Vogt (Morgenbladet) mot Ola Thommessen (Verdens Gang).

Norske Intelligenz-Seddeler vart ein del av Verdens Gang i 1920.

I depresjonstida etter første verdskrig fekk avisa økonomiske vanskar og i 1923 vart forlagsretten seld til Tidens Tegn, som Thommessen hadde stifta då han forlet redaktørstillinga i 1910. Verdens Gang (1868-1923) slutta dermed å eksistere.

Redaktørar endre

Referansar endre

  1. Salmonsens konversationsleksikon utgåve=2, 1928, bind=14,side=764

Sjå også endre