Axel Otto Normann

Axel Otto Normann (23. januar 18848. mai 1962) var ein norsk journalist, redaktør, teaterkritikar og teatersjef. Han var to gongar sjef ved Nationaltheatret.

Axel Otto Normann
AxelOttoNormann.jpg
Fødd 23. januar 1884
Fredrikstad kommune Sjå dette på Wikidata
Død

8. mai 1962 (78 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke lingvist, journalist, redaktør, biograf, omsetjar
Ektefelle Helene Andersen Sjå dette på Wikidata
Prisar Finlands løves orden, kommandør av Dannebrogordenen

Normann kom frå ein borgarleg familie. Han tok artium i 1901, og byrja å studera utan å fullføra høgare utdanning. Han studerte ved Sorbonne i 1904, arbeidde i dagbladet Posten 1905-1907, i Aftenposten 1907-1915 og som redaktør i Verdens Gang 1915-22. I perioden 1922-29 budde han i Paris, der han livnærde seg som korrespondent og omsetjar. Han omsette blant anna Alexandra Rachmanova sine dagbøker frå den russiske revolusjonen.

Han vart i 1929 tilsett som teaterkritikar i Arbeiderbladet, og målbar der krav om eit meir ambisiøst program for Nationaltheatret så tydeleg at han i 1935 vart tilsett som sjef ved teateret. Han tok avskjed under krigen i 1941, men vart gjeninnsett i stillinga 1945-46. Frå 1947 til sin død i 1962 var han sjef for Det Nye Teater, som i hans tid skifta namn til Oslo Nye Teater.

Normann var medstiftar av Norsk Teater- og Kunstkritikerforbund i 1927, var formann i Norsk Teaterlederforening 1936-41 og hadde fleire andre liknande verv.

Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1951, og var òg riddar av Dannebrogordenen, Vasaordenen, Finlands Lejons orden, den belgiske Leopoldsordenen og offiser av Æreslegionen. Han vart utnemnd til statsstipendiat i 1955.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Arne Christiansen. «Axel Otto Normann». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.

BakgrunnsstoffEndra