Norske Intelligenz-Seddeler

Noregs første avis

Norske Intelligenz-Seddeler var Noregs første avis. Ho tok til å koma ut i Christiania den 25. mai 1763. I førstinga kom ho ut ein gong i veka, frå 1805 kom ho ut to gongar vekentleg, og frå 1830 av var ho kvardagsavis.

Framsida til første nummer av Norske Intelligenz-Seddeler, frå den 25. mai 1763. Datoen var delvis skriven for hand, noko som tyder på at avisa var klår før utgjevingsdatoen var det.

Grunnlegging endre

Grunnleggjar og første redaktør av avisa var Samuel Conrad Schwach frå Pommern. Schwach hadde oppnådd løyve til å driva trykkeri i 1758, etter at han hadde gifta seg med enka til den tidlegare privilegiuminnehavaren.[1] For å driva ei adresseavis i det dansk-norske einevelde måtte ein i utgangspunktet ha privilegium. Schwach søkte derimot aldri noko slikt, men fann heller påskot til utgjeving i at det ikkje fanst nokon som hadde privilegium for annonsetrykking. Dette argumentet var gyldig nok for øvrigheita, som avviste ei tidleg interessehevding frå privilegiumsinnehavaren for adressekontor i København.

Finansiering og samarbeidspartnarar endre

Til fordel for Schwach var det nok òg at han hadde fleire støttesplarar blant finans- og embetsmannseliten i Christiania, særleg magistratpresident Nicolai Feddersen.[2] Det har jamvel vore påstått at Feddersen var den eigentlege initiativtakaren til bladet.[3] Nordske Intelligenz-Sedler, som avisa heit frå og med nr. 1 1764, vart då òg mellom anna finansiert av sponsing frå Feddersen og andre rike borgarar, samt stadig meir av annonseinnsettinga, som på sitt mest ekstreme kunne fylla heile avisa.[4] Det har vidare òg vorte hevda at «Schwachs Foretagende har nydt Understøttelse av Regjeringen» gjennom å få utbetalt til sitt trykkeri «300 Daler af det Offentlige».[5] Når det gjeld opplagsomfanget skal Schwach i 1765 ha hevda at han trykka 200 eksemplar av avisa, men at berre halvparten vart seld.[6] Avisa gjekk dermed med «forliis», og Schwach sette faremoment ved framtida til avisa.[7]

Krinsen rundt Feddersen skal òg ha gripi inn i det redaksjonelle. I den andre årgangen av avisa fortel ei gruppe som kallar seg «Intelligenz-Væsenet» at dei tek over det redaksjonsansvaret. Dette var dei same som òg kalla seg seg «De Tænkende», og som ifølgje Øvin Davidsen «har tatt del i den første planleggelse av innholdet i Norske Intelligenz-Seddeler.»[8] «Intelligenz-Væsenet» «hadde visselig tænkt seg det nye ukebladet nærmest som et organ for de litterære interesser», har Edvard Bull d.e. peikt på, og avisa ber tydeleg preg av det.[9] Dette overoppsynet vara berre i sytten nummer. I august same år igjen vart redaksjonsansvaret likevel på ny tatt over av ein anonym person som kalla seg «Opsyns-Manden». Denne perioden vara fram til august 1766, og stoffet i perioden blir av same Bull omtala som «kort sagt, litt tørt og kjedelig».[10]

Satsing på nyhende endre

Bladet var dei første tiåra ikkje større enn fire sider, noko det hadde sams med dei øvrige norske adresseavisene som etter kvart kom til. Stoffet var, forutan annonsar, sett saman av ulike tekstar, ofte innsendt frå foreksjellig hald. Dette kunne vera poetiske eller litterære komposisjonar, eller innlegg om ulike tema, som økonomi og teologi, moralske avhandlingar, samt nokre kritiske innlegg, sjølv om dei stort sett alltid var retta som polemikk mot privatpersonar. Elles vart det òg prenta mindre nyhende heilt frå byrjinga av, og i 1766, då Schwach hadde teke over det redaksjonelle igjen, byrja ein to-årig periode der det vart prenta nyhende i eit omfang som gjer at avisa òg må kunne karakteriserast som Noregs første nyhendeavis. Oppsvinget i talet på prenta nyhende heng ikkje saman med skifte i prentefirdomspolitikken og kom nok difor av redaksjonelle prioriteringar for å auka salstala, som altså ikkje var gode nok. Som Schwach sjølv skriv i 1768: «alle vil have Nyt».[11] Det vart dessutan prenta nyhende frå fleire andre stader i landet, noko som nok viser at redaktøren òg ønskte å utvida tingarkrinsen geografisk.[12] Strategien ser derimot ikkje ut til å ha lukkast, mellom anna grunna konkurranse frå adressekontor og nye adresseaviser i fleire av dei andre store byane i samtida.

Redaksjonsline endre

Den redaksjonelle lina i Norske Intelligenz-Seddeler var likevel forsiktig fram til 1814. Ved eit tidleg tilfelle, nr. 8 1766, førelåg det likevel planar om å prenta ein artikkel som myndigheitene fann så utfordrande at dei sensurerte han bort, og avisa kom ikkje kom ut med meir enn halvparten av det vanlege sideomfanget. Det var då heller ikkje snakk om noko fullstendig underdanig redaksjonell haldning i avisa. I eit anna tilfelle, ettar at Schwach i nummer 37 1772 hadde tatt inn eit kritisk innlegg om manglande norsk bankvesen og akademi frå Gustavus Strømboe, under pseudonymet «von Westen», forlanga stiftamtmannen at Schwach no måtte senda avisa til han for førehandssensur. Førsensur stridde imot nye lovforordningar, utstedt av Danmark-Noregs mellombelse diktator Johann Friedrich Struensee, og Schwach valde heller å senda stiftamtmannen eit nummer med to blanke sider. «For denne uforskammethet fikk han 20 rdl. i mulkt og måtte for fremtiden finne sig i censur», har Haakon Fiskaa vist til.[13]

Vidare historie endre

Avisa skifta namna fleire gonger, frå 1807 heit ho Christiania Intelligentssedler. Norske Intelligenz-Seddeler, som avisa seinare ofte har vorte kalla, heit avisa faktisk berre første nummer, ifrå nr. 2 1763 vart namnet skifta til Norske Intelligenz-Sedeler og med nr. 5 1763 til Nordske Intelligenz-Sedeler. Frå og med nr. 1 1764 var namnet Nordske Intelligenz-Sedler. Bladet vart seld til Christiania Opfostringshus, «Waisenhuset», i 1815. Seinare redaktørar var mellom anna Anton Schjødt (1834–1857), Siegwart Petersen (1861–1878) og Hartvig Lassen (1880–1883). I 1890 vart bladet teke over av Hjalmar Løken, som gjorde det til eit organ for venstrerørsla og regjeringa til Gunnar Knudsen. Avisa vart gitt ut fram til 1920, då ho gjekk opp i Verdens Gang (1868–1923).

Referansar endre

  1. Hermann August Scheibler, Bogtrykkerkunstens og avisernes historie (Kristiania: Fabritius, 1910), 70.
  2. Svennik Høyer, Pressen mellom teknologi og samfunn: norske og internasjonale perspektiver på pressehistorien fra Gutenberg til vår tid (Oslo: Universitetsforlaget, 1995), 122.
  3. Øyvin Davidsen, Et 200-års minne: Om grunnleggelsen av regelmessig pressevirksomhet i Norge: en studie omkring utgivelsen av Norske Intelligenz-Seddeler 25.mai 1763, og innledningen til varig gjensidighet mellem pressen og næringslivet (Oslo: Norsk Høyrepresse, 1963), 21.
  4. Øystein Idsø Viken, «'Et blad som fører norsk beretning' – Ein intensjonal påstand mot strukturelle tesar gjeldande nyhendekonjunkturane i Norske Intelligenz-Seddeler 1763–74», Fortid (2009) nr. 1, 62. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. april 2012, henta 23. november 2010 
  5. Ludvig Daae, Det gamle Christiania: 1624–1814 (Christiania: Cappelen, 1891), 209.
  6. Knut Sprauten, Oslo bys historie: Byen ved festningen – Fra 1536 til 1814 (Oslo; J.W. Cappelens Forlag AS, 1992), 426.
  7. Norske Intelligenz-Seddeler 1764, nr. 52.
  8. Øyvin Davidsen, Et 200-års minne, 18.
  9. Edvard Bull d.e. og Valborg Sønstevold, Kristianias historie: Utgit til 300-aars jubileet 1924 av Kristiania kommune (Kristiania: I hovedkommission hos J. W. Cappelen, 1936), 190.
  10. Bull d.e. og Sønstevold, Kristianias historie, 192.
  11. Norske Intelligenz-Seddeler 1768, nr. 1.
  12. Øystein Idsø Viken, «'Et blad som fører norsk beretning'», 62–65 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. april 2012, henta 23. november 2010 
  13. Haakon M. Fiskaa, Den norske presse før 1850 bd. 3 av Norsk pressemuseums skrifter (Fredrikstad : Institutt for journalistikk, 1985), 16.

Bakgrunnsstoff endre