Opna hovudmenyen

Verkstad

Wikimedia-fleirtydingsside
Verkstad for fiolinreparasjon i Wien.

Verkstad er ein stad der ein lager eller ordnar ting.[1] Det kan visa til eit enkeltrom, ein bygning eller ei heil verksemd. I ein verkstad kan ein oppbevara reiskapar og maskinar ein bruker til eit visst arbeid, og ting som er uner arbeid. Nokre verkstadtypar er bilverkstad, båtverkstad og jernbaneverkstad.

Mekanisk verkstadEndra

Mekaniske verkstader kan verka innan jern- og metallindustri, og kan i tillegg til maskinverkstader også ha eit eller fleire spesialverkstader, som smie, støyperi, sveiseverkstad, plateverksted, skipsbyggeri o.a. Større verksemder utanom jern- og metallindustrien har ofte eigne mekaniske verkstader som utfører reparasjoner og mindre nyanlegg for verksemda.[2]

Fleire norske føretak byrja som mekaniske verkstader, som Akers Mekaniske Verksted (skipa som Agers mechaniske Værksted i 1841), Bergens Mekaniske Verksteder (skipa som A/S Bergen Mekaniske Verksted i 1855), Kristiansands Mekaniske Verksted (skipa i 1855) og Trondhjems Mekaniske Værksted (skipa som Trondhjems Mekaniske Værksted i 1872)

KjelderEndra

  1. «verkstad» i Nynorskordboka.
  2. «mekanisk verksted». Store norske leksikon (på norsk). 15. juli 2015. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.