Reiskap

Ein reiskap eller eit verktøy er eit hjelpemiddel ein bruker til å utføra eit arbeid, gjerne eit mekanisk arbeid. Ein trudde lenge at evna til å bruka reiskap skilde menneska frå dyra. Seinare har ein funne at både fleire primatar, særleg sjimpansar, og fuglar som ramnar kan ta i bruk enkle ting som reiskap. Mange antropologar meiner at ein fri tommel til å halda reiskapar med og intelligens til å bruka dei har drive menneskeslekta si utvikling framover.

Forhistoriske steinreiskapar funne i Les Combarelles-hola i Frankrike
Tømmerreiskapar funne i vraket av Mary Rose frå 1500-talet. Frå toppen kjøthammar, vindebor, høvel, handtaget til ein bor, handtaket til ei syl, kanksje skaftet til ein hammar og ein linjal.

Reiskapar gjer oss ferdigheitar me ellers ikkje ville hatt, som styrke til å slå ein spiker inn i ein vegg eller ein egg skarp nok til å skjera i tre. På grunn av dette kan reiskapar òg nyttast som farlege våpen. Ordet reiskap er i slekt med det norrøne ordet reiðskapr, som tyder 'kamputstyr'.

Ulike reiskaparEndra