Bilverkstad er ein verkstad som har spesialisert seg på å gjere reparasjons-, vedlikehalds-, ombyggings-, oppbyggings- og påbyggingsarbeid på motorkøyretøy som bilar og liknande. I fleire land kan offentleg godkjende bilverkstader òg utføra teknisk kontroll av køyretøy på vegner av styresmaktene, som til dømes periodisk køyretøykontroll.

Bilverkstad i Ukraina.
Bilverkstad i Bangalore.
Reservedelsbutikk i Gambia.

NoregEndra

I Noreg vert det kravd offentleg løve for å kunne drive slik verksemd når det gjeld arbeid som har å gjere med bremseinnretning, styreinnretning, berekonstruksjon, drivverk, hjuloppheng, hjulutrustning, motor, drivstoffopplegg og elektriske opplegg, medrekna lysutstyr, på bil, to- og trehjuls motorvogn, traktor og motorreiskap som er konstruert for fart på 50 kilometer i timen eller meir, og tilhengar med brems til slike køyretøy. Det er fastsett spesifiserte krav til utstyr, lokale og kunnig mannskap.

BakgrunnsstoffEndra