Raumabana

(Omdirigert frå Raumabanen)

Raumabanen er ei 114,2 kilometer lang einspora jernbane mellom Åndalsnes ved Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke og Dombås stasjon i Dovre kommune i Oppland fylke, der bana er tilkopla Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim. Bana går soleis opp Romsdalen og gjennom fjellbygda Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.

Raumabanen
Stuguflåtbrua med veterantog
Info
Type Jernbane
System Éinspora uelektrifisert bane
Utgangsstasjon Dombås stasjon
Endestasjon Åndalsnes stasjon
Tal på stasjonar 6
Drift
Opna 30. november 1924
Eigar BaneNor
Operatør(ar) SJ og Onrail
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Lengd 114,2 km
Største stigning ø 25 ‰ (Bjorli-Åndalsnes)
max:30 ‰ 445,7 km
Kryssingsspor 4
Bruer 103
Tunnelar 5
Planovergangar 224
Kart
Raumabanen

Raumabanen er ikkje elektrifisert, men er planlagt automatisert med ERTMS i 2030[1]. Bana har både person- og godstrafikk med godsterminal på Øran på Åndalsnes.

Dette er den einaste jernbana i Møre og Romsdal fylke.

Historie endre

 
Bjorli stasjon fotografert i 1922 av Anders Beer Wilse

Vedtaket om bygging av bana vart gjort av Stortinget i 1908, og arbeidet byrja 12. januar 1912. I 1921 var strekninga mellom Dombås og Bjorli i Lesja kommune ferdig og opna for trafikk. Heile strekninga fram til Åndalsnes var ferdig og vart offisielt opna av kong Haakon 29. november 1924. I byrjinga var det til saman tolv stasjonar og haldeplassar på strekninga, no er det fem.

Bana vart i si tid rekna som eit framifrå døme på godt ingeniørarbeid. I ei 1396 meter lang vendetunnel i Romsdalen, Stavem vendetunnel, snur bana 180 grader inne i fjellet for overvinne høgdeskilnaden ved å gå i slyng ned dalsida, for etter ein ny tunnel i kurve å krysse elva Rauma over den imponerande steinkvelvbrua Kylling bru over til den andre sida av dalen.

Bana vart ei viktig kommunikasjonsåre for distriktet og byane Ålesund og Molde som med Raumabanen vart knytt til det nasjonale og internasjonale jernebanenettet ved rutebilar og ved båtar på Romsdalsfjorden fram til stasjonen på Åndalsnes. Tidlegare hadde mykje av trafikken austover gått sjøvegen til Trondheim og derifrå med Rørosbanen. Då Gudbrandsdalsbana (Dovrebana) nådde fram til Dombås i 1913 byrja passasjertrafikken om sommaren å gå over Lesja og Åndalsnes, medan gods fortsatt gjekk om Trondheim. Då Raumabana opna i 1924 vart transportmønsteret snudd heilt om.[2] Statsbanen gav tilskot til bygging av Trollstigen for å lette tilkomsten til Raumabanen frå indre Sunnmøre.

Raumabanen har vore og er framleis ei viktig turistbane, då Romsdalen er rekna som ein av dei venaste av alle dalane i Noreg. Ein jernbanerestaurant med plass til så mange som 700 gjestar bygd på Bjorli i åra 1925–1927 for å ta imot dei som kom inn Romsdalsfjorden til Åndalsnes med turistskip og ville sjå dalen frå toget. Denne restauranten brann under krigen i 1940 etter å ha vorte råka av ei bombe, og vart ikkje bygd opp att.

 
Kylling bru over elva Rauma i Romsdalen
 
Åndalsnes stasjon i 2005

Kjelder endre

  1. https://www.banenor.no/contentassets/950951c96924496996fce1b06d7f10d9/nasjonal-signalplan-2020.pdf Nasjonal signalplan
  2. Løseth, Arnljot (1996): Likskap og lagdeling. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Oslo: Samlaget.