Verrasundet er ein 22 km lang fjordarm av Trondheimsfjorden som strekkjer seg sørvestover frå Beitstadfjorden i kommunane Steinkjer, Inderøy og Indre Fosen i Trøndelag.

Verrasundet
fjord
Land  Noreg
Kart
Verrasundet
63°51′00″N 10°47′00″E / 63.85°N 10.7833°E / 63.85; 10.7833

Fjorden har innløp mellom Skjelstad i vest og Finnsvika i aust. Verrastranda ligg på vestsida like innanfor innløpet. Ei rekkje bruk ligg innover fjorden på vestsida, som Bolmset, Stavrem og Vølset. Sør for Vølset, på andre sida av fjorden ligg Hindberg. Om lag halvvegs inn i fjorden stikk Hovdklumpen ut i fjorden frå austsida. Fjorden er her på det smalaste, omkring 200 meter, og sundet forbi neset vert kalla Trongstundet. Inst i fjorden ligg Verrabotn

Fylkesveg 720 går langs heile vestsida av fjorden, medan fylkesveg 6918 går langs delar av austsida.