Versoix-elva
Versoix er ei elv i Frankrike og Sveits. Ho har ei lengd på 22,8 km og munnar ut i Genfersjøen.
Versoix | |||
elv | |||
Versoix renn gjennom Versoix
| |||
Land | Frankrike, Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 89 km² | ||
Lengd | 22,8 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 3,2 m³/s | ||
Kjelde | Jurafjella | ||
- stad | Ain, Frankrike | ||
• høgd | 600 moh. | ||
Munning | Genfersjøen | ||
- stad | Versoix | ||
Versoix-elva 46°21′47″N 6°06′35″E / 46.363°N 6.1096°E | |||
Wikimedia Commons: Versoix river |
Elva spring ut i Jurafjella i Ain i Frankrike som Rivière la Divonne. Ho renn austover gjennom Divonne-les-Bains og Lac de Divonne før ho går inn i kantonen Vaud. Frå der svingar ho sørover og 10,5 km av elva dannar grensa mellom Frankrike og Sveits, før ho går inn i kantonen Genève. Her held ho fram austover mot Versoix der ho munnar ut i innsjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Versoix (river)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2012.