Vertsfaktor er eit medisinsk omgrep som visar til trekk i eit individ eller dyr som har innverknad på den biologiske sårbarheiten for sjukdom, særleg i samanlikning med andre individ. Omgrepet oppstod i samband med forsking på infeksjonssjukdommar, i kontrast til «organismefaktorar», som til dømes virulensen og infektiviteten til mikrobar. Vertsfaktorar som kan variere i ei folkemengd og verka inn på den biologiske sårbarheiten for ein sjukdom kan vere anten medfødd eller erverva.

Nokre dømer er:

  • generell helse
  • psykologiske karakteristikkar og haldning
  • ernæringsmessige forhold
  • sosiale knytingar
  • tidlegare eksponering for organismen eller relaterte antigen
  • haplotype eller andre spesifikke genetiske ulikskapar i immunfunksjon
  • rusmisbruk
  • rase

Omgrepet er no brukt i onkologi og ei rekkje andre medisinske kontekstar som har relasjon til individuelle ulikskapar av sjukdomsvulnerabilitet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.