Veslemøy Haslund
norsk skodespelar
Veslemøy Margaret Haslund (8. april 1939–7. november 2005) var ein norsk skodespelar, instruktør og dramatikar.
Veslemøy Haslund | |||
Fødd | 8. april 1939 | ||
---|---|---|---|
Død | 7. november 2005 (66 år) | ||
Verka som | skodespelar |
Veslemøy Haslund scenedebuterte i 1959 i Five Finger Exercise på Trøndelag Teater og på film tidleg på 1960-talet. Seinare spelte ho i ei rekkje teaterstykke og filmar, også på TV. Veslemøy Haslund var viktig i den oppsøkande verksemda til Nationaltheatret på 1970-talet og arbeidde dessutan som iscenesetjar, regissør og skodespelforfattar.
Tetatertilknyting
endre- 1959–196]: Trøndelag Teater
- 1961–1965: Det norske teatret
- 1965–1969: Fjernsynsteatret
- 1969–1984: Nationaltheatret
Filmar (utval)
endre- 1966: Sult
- 1967: Det største spillet
- 1968: Bare et liv – historien om Fridtjof Nansen
- 1974: Under en steinhimmel
- 1976: Vårnatt
- 1979: Formyndere
- 1995: Kristin Lavransdatter
- 1996: Hamsun
- 1998–2000: Familiesagaen De syv søstre (TV-serie)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Veslemøy Haslund» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2021.