Veslerussland

Veslerussland

Ukraine-Little Rus 1347.png

██ Veslerussland 1347.

Ukraine-Little Rus 1600.png

██ Veslerussland på 1600-tallet.

Ukraine-Little Rus 1654.png

██ Veslerussland 16491667.

Ukraine-Little Rus 1667.png

██ Veslerussland etter 1667.

Ukraine-Little Rus 1799.png

██ Veslerussland 1799-1917

Veslerussland (russisk Малороссия/Малая Россия, romanisert Malaja Rossija/Malorossija; ukrainsk Малоросія/Мала Росія, romanisert Malorosija/Mala Rosija) er ei historisk nemning, brukt ganske flytande, men etterkvart særleg for dei nordlege og sentrale delane av dagens Ukraina. Nemninga har vore i bruk frå bysantinsk tid (gresk Μικρὰ Ῥωσία) til slutten av 1800-talet, då ein i staden byrja å bruka nemninga Ukraina om området.

AvgrensingarEndra

Den geografiske avgrensinga av Veslerussland har variert gjennom tidene. Den siste perioden då området var klarast avgrensa, på 1800-talet, var det oppdelt i fire guvernement (gubernija): Kiev, Poltava, Kharkov og Tsjernigov. Guvernementa var vidare inndelte i provinsar (oblast).[1]

 
Måleriet «Epleblomar i Lillerussland» av Nikolaj Sergejev (1895)

Peter Tsjajkovskij sin 2. symfoni har tilnamnet «den veslerussiske symfoniet», og viser då til det nemnde området. Verket blei til i 1872 medan Tsjajkovskij ferierte hjå søstera si i Kamjanka i Veslerussland.

HistorieEndra

 
Kart frå 1904

Veslerussland var namnet Storfyrstedømmet Litauen fekk på 1300- og 1400-talet. Delar av Storfyrstedømmet Litauen blei seinare ein del av Tsar-Russland og landsdelen Veslerussland i Keisardømet Russland. På den tida tok storfyrstedøma kvar sin metropolitt men var likevel nærskylde, sidan størstedelen av begge låg i det området som tidlegare hadde tilhøyrt Kievriket. Uttrykket Veslerussland var skilt frå Storrussland, det vil seia Moskvariket, det som seinare bleie hovuddelen av det europeiske Russland.

Det blir ofte feilaktig sett eit enkelt likskapsteikn mellom Lillerussland og dagens Ukraina, men store delar av dagens sørlege og austlege Ukraina var aldri ein del av Veslerussland. Det same gjeld det rutenske Karpato-Ukraina, som omtrent tilsvarer noverande Zakarpatska oblast i vestre Ukraina. Det sistnemnde området var del av Austerrike-Ungarn i hundretals år. Frå 1918 til 1945 var det ein del av Tsjekkoslovakia, og fyrst etter slutten av andre verdskrigen i 1945 blei området ein del av Sovjetunionen. Veslerussland blei då inkorporert saman med den nordlege delen av det tidlegare Ny-Ryssland i sovjetrepublikken Ukrainske SSR i 1922.

KjelderEndra

  1. Ryssland i Nordisk familjebok (1:a upplagan, 1890)